mini|Kvite polkadottar på raud bakgrunn.

Polkadott (engelsk polka dot, 'polkaprikk') er eit mønster av runde prikker av same storleik eller ein prikk i eit slikt menster. Mønsteret blei populært i England i siste halvdel av 1800-talet. Truleg fekk det namn på same måte som andre polka-ord frå denne tida, med bakgrunn i den samtidige farsotten for polkadans.

mini|venstre|upright|Kvinne i polkadott-kjole (1889) av József Rippl-Rónai. Bruk

Polkadott-mønster blir mykje brukt på klede, leiker og møblar eller interiør. Dem venezuelanske motedesignaren Carolina Herrera brukte polkadottar på dei fleste kjolane ho utforma seint på 1980- og tidleg på 1990-talet, i tillegg til på eskene for parfymane Carolina Herrera, Herrera For Men, Aquaflore og Flore.

I Tour de France bruker ein ei kvit trøye med raude polkadottar for den som har flest klatrepoeng i løpet av meisterskapet. I kulturen

Omgrepet blir brukt i jazz-standarden «Polka Dots and Moonbeams», ein song med musikk Jimmy Van Heusen og tekst av Johnny Burke som kom ut i 1940. Dette var den første hitten til Frank Sinatra med Tommy Dorsey Orchestra. Songen er blant dei 100 mest innspelte jazz-standardane. Mønsteret har også ei viktig tyding i teksten til popsongen «Itsy Bitsy Teenie Weenie Yellow Polkadot Bikini» skriven av Paul Vance og Lee Pockriss. Denne blei lansert i 1960 av Brian Hyland.

Musikalfilmen The Gang's All Here frå 1943, regissert av Busby Berkeley, inneheldt eit større nummer kring «The Polka-Dot Polka». Denne songen var skriven av Harry Warren og Leo Robin, og sungen av Alice Faye med Busby Berkeley-dansarane.

Kunstnaren Yayoi Kusama bruker ofte polkadottar i verka sine, som i installasjonen Ascension of Polkadots on the Trees ved Singapore-biennalen i 2006.

Galleri

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Polka dot» frå , og «Polka dot» frå den 28. april 2020.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Mønster Kategori:Mote