«Portrait (He Knew)» er ein song av det amerikanske progressive rockebandet Kansas. Han var skriven av Kerry Livgren og Steve Walsh og spelt inn for det femte albumet deira, Point of Know Return i 1977. Songen kom òg ut på singel etter suksessen til «Point of Know Return» og «Dust in the Wind» og nådde 64. plassen på Billboard Hot 100. Han vart seinare gjeven ut på konsert- og samlealbuma Two for the Show, Live at the Whisky, Device, Voice, Drum, The Kansas Boxed Set, The Ultimate Kansas, Sail On: The 30th Anniversary Collection, Works in Progress og Playlist: The Very Best of Kansas.

Bakgrunn Inspirasjonen for songen kom frå beundringa til Kerry Livgren for Albert Einstein. Han skreiv teksten då han gjekk gjennom ein andeleg overgangsfase i livet sitt og vart omvendt til kristendom. Han spelte inn songen på nytt med bandet sitt, AD, og endra teksten til å handle om Jesus Kristus i staden. Denne versjonen fekk tittelen «Portrait II».

Salslister Liste (1977)PlasseringU.S. Billboard Hot 10064

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Portrait (He Knew)» frå , den 24. mai 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Kansas-songar Kategori:Songar frå 1977 Kategori:Singlar frå 1978 Kategori:Songar om Albert Einstein Kategori:Songar om Jesus Kategori:Songar produserte av Jeff Glixman Kategori:Songar skrivne av Kerry Livgren Kategori:Songar skrivne av Steve Walsh