Robert Layne Siebenberg () òg kjend som Bob C. Benberg, er ein USA-amerikansk musikar, mest kjend som medlem av det britiske rockebandet Supertramp, der han spelte trommer og perkusjon. Han var den einaste amerikanaren i Supertramp. Sonen hans, Jesse, var ei stund med i Supertramp då dei gav ut konsertalbumet It Was the Best of Times (1999).
I 1985 gav Siebenberg ut soloalbumet Giants in Our Own Room.
Før han vart med i Supertramp, var Siebenberg medlem av pubrockbandet Bees Make Honey i Storbritannia, og RHS i USA.
I 1989 komponerte Siebenberg original musikk for Sierra On-line-videospelet Space Quest III.
Diskografi
Bees Make Honey 1973: Music Every Night 2003: Back On Track - samlealbum
Supertramp Sidan 1974: sjå diskografien til Supertramp
Heads Up 1989: The Long Shot
Solo 1986: Giants In Our Own Room 2013: Glendale River
Samarbeid 1972: Private Parts av Peter Straker 1981: Solo In Soho av Philip Lynott
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Bob Siebenberg» frå , den 12. juni 2020. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Folk frå Glendale i California Kategori:Supertramp-medlemmar Kategori:USA-amerikanske rocketrommeslagarar Kategori:USA-amerikanske trommeslagarar