OGAE Second Chance Contest 2007 (OGAE SCC 2007) var den tjuefyrste gongen OGAE Second Chance Contest vart arrangert. Tevlinga vart halden i Ljubljana i Slovenia, etter at Slovenia vann tevlinga i 2006, med songen «Mandoline» av Saša Lendero.
For å kunne deltake i OGAE Second Chance Contest 2007, måtte ein ha delteke i ein av dei nasjonale finalane i Eurovision Song Contest 2007; men om eit bidrag hadde vunne ein nasjonal finale, kunne ikkje bidraget deltake i OGAE Second Chance Contest.
Tjue land deltok i tevlinga. Opprinneleg skulle tjueto land deltake i tevlinga, deriblant Finland og Moldova i Eurovision Song Contest. Moldova vart tvungen til å trekkje seg frå tevlinga, sidan opptak frå deira nasjonale finale ikkje var tilgjengeleg. Finland vart diskvalifisert frå tevlinga, etter at OGAE Finland vart utvist frå OGAE 17. september 2007. Dimed kunne ikkje deira bidrag deltake i tevlinga. Serbia deltok for fyrste gong som sjølvstendig nasjon i OGAE Second Chance Contest, medan Estland, Frankrike og Spania returnerte til tevlinga. Belgia og Serbia og Montenegro, som deltok i 2006, deltok ikkje i 2007-utgåva av OGAE Second Chance Contest.
Sverige vann OGAE Second Chance Contest for ellevte gong, med songen «Cara Mia» av Måns Zelmerlöw.
Bidrag
Nr. Land Artist Song Språk Plass Poeng Nasjonal finale Plass 01 Dervish «Until We Meet Again» Engelsk 16 17 2 02 Eva Černe «Čudeži smehljaja» Slovensk 10 58 2 03 Klinsmann Coleiro «She Gives Me Wings» Engelsk 15 22 3 04 Tamara Todevska «Kaži koj si ti» Makedonsk 17 12 2 05 Ivana Radovniković «Samo probaj» Kroatisk 17 12 14 (SF1) 06 Tamta «With Love» Engelsk og gresk 6 114 3 07 Cyndi Almouzni «I'll Leave My Heart» Engelsk 2 180 2 08 Charizma «Emily» Engelsk 11 57 5 09 TribUrbana «Dá-me a Lua» Portugisisk 20 3 4 10 Me & My «Two Are Stronger Than One» Engelsk 5 124 6 11 Medi-T «On and On» Fransk og engelsk 8 84 2 12 Teapacks «Twelve Points» Hebraisk og engelsk 19 8 Uplassert 13 Monrose «Even Heaven Cries» Engelsk 4 168 2 14 Edsilia Rombley «Een keer meer dan jij» Nederlandsk 9 59 2 15 Slobodan Trkulja med Balkanopolis «Nebo» Serbisk 14 29 2 16 Jevgenija Vlasova «I Will Be» Engelsk 7 107 2 17 Koit Toome «Veidi veel» Estisk 12 50 10 18 Mirela «La reina de la noche» Spansk og engelsk 3 172 2 19 Crash «Wannabe» Engelsk 13 38 3 20 Måns Zelmerlöw «Cara Mia» Engelsk og italiensk 1 252 3 Johanna Kurkela «Olet uneni kaunein» Finsk colspan="2" 6 Olia Tira «Your Place or Mine?» Engelsk colspan="2" 3
Sjå òg Eurovision Song Contest 2007 Junior Eurovision Song Contest 2007
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «OGAE Second Chance Contest 2007» frå , den 20. juli 2020.
Kategori:OGAE Second Chance Contest etter år Kategori:Musikk i 2007