Arizona Live '92 er det 88. albumet totalt og det 20. konsertalbumet til den tyske electronicagruppa Tangerine Dream, utgjeven i august 2004. Dette var det tredje av i alt fem album i den såkalla Vault-serien til bandet.

Arizona Live inneheld ein komplett konsert frå den nordamerikanske turneen deira i 1992. Konserten inneheld konsertversjonar av spor frå albuma Risky Business (1984), Melrose (1990) og Rockoon (1992), i tillegg til to komposisjonar som kom ut seinare på albuma Turn of the Tides (1994) og Oasis (1997). Dei ni andre spora har aldri vore gjevne ut på studioalbum, men var med på konsertalbumet 220 Volt Live (1993), som består av høgdepunkt frå turneen deira i 1992, men ikkje ein komplett konsert.

I følgje nettsida til Jerome Froese skulle dette albumet alt ha kome ut i 1993 som 220 Volt, men plateselskapet ønskte ikkje å gje ut eit dobbeltalbum.

I mars 2009 kom albumet ut på ny med eit nytt plateomslag.

Innhald

Medverkande Edgar Froese – klaverinstrument Jerome Froese – klaverinstrument

Kjelder

Kategori:Konsertalbum frå 2004 Kategori:Konsertalbum av Tangerine Dream