mini|Rinnan var kaptein på MS «Tampa». Her er skipet i hamn i Papeete i Fransk Polynesia Arne-Frode Rinnan () er ein norsk kaptein. Han er kjend som kaptein på det norske skipet MS «Tampa», eigd av reiarlaget Wilh. Wilhelmsen. 21. august 2001 redda skipet hans 438 flyktningar, primært afghanarar, frå ein søkkande båt ca. 75 nautiske mil nord for Christmasøya. Det etterfølgjande forsøket på å setja av dei skipbrotne i Australia skapte internasjonal debatt. «Tampa» vart borda av den australske marinen og Rinnan mottok truslar frå australske styresmakter.
For handlemåten og dei faste prinsippa sine fekk han fleire nasjonale og internasjonale heidersprisar. I 2001 vart Rinnan utnemnd til riddar av 1. klasse av Den Kongelege Norske Fortenesteordenen.Norges statskalender 2009. Den britiske avisa Lloyds' List og Nautical Institute utnemnde Rinnan til «årets kaptein», og VG kåra han til Årets navn. I 2002 vart kapteinen, saman med mannskapet og reiarlaget Wilh. Wilhelmsen, heidra med Nansenprisen av SNs høgkommissær for flyktningar. I april same år vart Rinnan og den øvrige besetninga på MS «Tampa» heidra med den norske Medaljen for redningsdåd til sjøs.Norges statskalender 2008.
Arne Rinnan pensjonerte seg seint i 2001 og bur saman med familien sin på Kongsberg.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Arne Rinnan» frå , den 22. juli 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Folk frå Oslo Kategori:Den Kongelege Norske Fortenesteorden Kategori:Norske kapteinar Kategori:Nansenprisen