Chandra - The Phantom Ferry Part I er det 117. albumet totalt og det 47. studioalbumet til den tyske electronicagruppa Tangerine Dream, utgjeve i juni 2009.

Tittelen indikerer at albumet var ein del av ein serie, og i 2014 kom Chandra - The Phantom Ferry Part II, det einaste andre albumet i serien.

Albumet var visstnok basert på ei science fiction-soge som fann stad i ein militærstasjon nær Thule på Grønland.

Albumet består av ni spor og åtte av dei er heilt nye, medan den siste er ein remiks av sporet «Moonlight on a Crawler Lane».

Innhald

Medverkande Edgar Froese - klaverinstrument, komponist

Kjelder

Kategori:Musikkalbum frå 2009 Kategori:Tangerine Dream-album