Keith Ian Ellis () var ein engelsk bassist. Han var fødd i Matlock i Derbyshire.Christopulos, J., and Smart, P., Van der Graaf Generator – The Book, p. 23. (Phil and Jim Publishers, 2005.) Han er mest kjend som medlem av The Koobas, The Misunderstood og Juicy Lucy. Han var òg medlem av Van der Graaf Generator frå 1968 til 1969. Ellis arbeidde med Mike Patto og Ollie Halsall i bandet Boxer frå 1975 til seint i 1976 då den originale besetninga vart oppløyst.Christopulos and Smart, Van der Graaf Generator, p. 47.

Ellis døydde i Darmstadt i Tyskland i 1978 medan han var på turné med Iron Butterfly. Dødsårsaka er ukjend, men journalist Ralph Heibutzki skreiv i 2011 i Ugly Things at det var eit overdosedødsfall.Heibutzki, Ralph, «Traveling Show: The Serendipitous & Surreal Six-Stringed Life & Times Of Ollie Halsall, part 3», Ugly Things, issue no.31, Spring 2011. Han etterlet seg enkja, Deborah.

Songen «Not For Keith» på albumet pH7 av Peter Hammill, (1979) var ei hyllest til Ellis.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Keith Ellis» frå , den 26. juli 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Engelske bassistar Kategori:Engelske gitaristar Kategori:Van der Graaf Generator-medlemmar Kategori:Iron Butterfly-medlemmar Kategori:Folk frå Matlock i Derbyshire