Time Vaults er eit samlealbum av Van der Graaf Generator. Det kom opphavleg berre ut på kassett i 1982, nesten fire år ette rVan der Graaf Generator vart oppløyst i 1978. Seinare vart det gjeve ut på vinyl og i 1992 kom det på CD.
Albumet inneheld unytta opptak og øvingsopptak frå perioden 1972 til 1975, då bandet hadde ein pause. Innspelingane «har ikkje studiokvalitet»Notat i plateomslaget av Peter Hammill for «Time Vaults», cd (1992). Thunderbolt., og somme av dei har ganske dårleg lyd med støy. Mellom anna inneheld albumet opptak frå dei første øvingane til Van der Graaf Generator då dei var komen saman att i 1975, som «Rift Valley». Øvingsversjonane av «Roncevaux» og «Black Room» er frå opptak i 1972, og var opphavleg meint for innspeling for det neste albumet deira i 1972.
«Coil Night» vert framført med Peter Hammillpå bassgitar og David Jackson på piano. Tittelsporet «Time Vaults» bestod av fleire stykke som ikkje var gjevne ut før blanda med studioprat. Ein annan versjon av «Black Room» kom ut på soloalbumet til Peter Hammill, Chameleon in the Shadow of the Night. «Faint and Forsaken» er ein kombinasjon av instrumentalpartiet i «Forsaken Gardens» og «Faint-Heart and the Sermon», og versjonar av desse kom ut på Hammill-albuma The Silent Corner and the Empty Stage og In Camera.
Innhald
Medverkande Van der Graaf Generator Peter Hammill – vokal, gitar, piano, bass David Jackson – saksofon, piano Hugh Banton – orgel, bass Guy Evans – trommer
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Time Vaults» frå , den 29. juli 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Van der Graaf Generator-album Kategori:Musikkalbum frå 1982 Kategori:Album spelte inn i Rockfield Studios