Sigrid Kirchmann ( er ein austerriksk tidlegare friidrettsutøvar frå Ebensee som tevla i høgdehopp og sjukamp. Ho tok i 1993 Austerrikes fyrste medalje i ein verdsmeisterskap i friidrett.
Aktiv Kirchmann vann i perioden 1982-94 10 av 13 nasjonale meisterskap i høgdehopp. To gongar vart ho austerriksk meister i sjukamp. I ein sjukamp 5. og 6. oktober 1985 sette Kirchmann landsrekord med 5 944 poeng, ein rekord som vart ståande i 27 år.
I 1990 vart Kirchmann nummer fire i høgdehopp ved europameisterskapen og i 1992 nummer fem i OL-finalen i Barcelona. Den 21. august 1993 kom høgdepunktet i hennar idrettsliv då ho i VM-finalen i Stuttgart sette landsrekord i høgdehopp med 1,97 meter. Det gav henne bronsemedaljen, også den fyrste VM-medalje i friidrett til ein utøvar frå Austerrike. Kirchmann var kvalifisert til sommar-OL 1996, men stod over grunna ein skade i ei akillessene. To år etter kneip ho fjerdeplassen ved europameisterskapen 1998 i Budapest.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1986 i Stuttgart: Nr 11 – 1,79 m VM 1987 i Roma: Utslått EM 1990 i Split: Nr 4 – 1,89 m VM 1991 i Tokyo: Utslått i kvalifiseringa (1,75 m=nr 26) OL 1992 i Barcelona: Nr 5 – 1,94 m VM 1993 i Stuttgart: Bronsemedalje – 1,97 m EM 1994 i Helsinki: Nr 10 – 1,90 m EM 1998 i Budapest: Nr 4 – 1,92 m
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Sigrid Kirchmann» frå , den 31. juli 2020.
Bakgrunnsstoff World Athletics
Kategori:Austerrikske friidrettsutøvarar Kategori:Høgdehopparar Kategori:Austerrikske deltakarar under sommar-OL 1992 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992 Kategori:Austerrikske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996