Sigmund Mjelve () var ein norsk lyrikar. Forfattarskapen hans var prega av motsetnaden mellom aust og vest.Øystein Rottem.
Mjelve var fødd i 1926 i Hubei i Kina. Foreldra hans var misjonærar, og han levde dei første tolv åra av livet i Kina. Han var tilsett i Noregs Bank frå 1946 til 1983, og debuterte som lyrikar i godt vaksen alder, i 1978. Han skreiv i alt 11 diktsamlingar, og ei barnebok. Han redigerte òg ein antologi med kinesisk lyrikk. Hans Dikt i utvalg kom ut i 1994, og Dikt i samling kom ut i 1996. Han mottok Gyldendals legat i 1990 og Brageprisen i 1994.
Mjelve døydde i Moss 26. november 1995.
Referansar
Denne artikkelen bygger på «Sigmund Mjelve» frå , den 3. august 2020.
Kategori:Vinnarar av Brageprisen Kategori:Norske lyrikarar