«Happy House» er ein song av det engelske rockebandet Siouxsie and the Banshees. Songen vart skriven av Siouxsie Sioux og Steven Severin og kom ut i 1980 på Polydor som den første singelen frå det tredje albumet deira, Kaleidoscope.

Bakgrunn og innspeling «Happy House» og albumet Kaleidoscope markerte ei musikalsk endring for Siouxsie and the Banshees på grunn av dei to nye musikarane som kom inn i bandet: trommeslagaren Budgie, tidlegare i The Slits, og gitaristen John McGeoch, tidlegare i Magazine.

Budgie, som var interessert i afrikansk polyrytmar, nytta ei reggae-stemning på songen, medan McGeoch spelt ebåde atmosfærisk og kvass gitar. Siouxsie sa at bandet nesten fann opp ein ny stil med denne singelen: Det var «Banshees – fase to».«Tracks» TV'interview. Arte. Broadcast June 1999

Utgjeving «Happy House» kom ut på singel 7. mars 1980. Singelen vart den andre topp 20-hitten deira i Storbritannia og nådde 17. plassen på UK Singles Chart.

Bruk i andre innspelingar Songen vart seinare nytta av andre artistar. Den italienske dance-gruppa Cappella fekk ein hitsingel i 1993 med eurodance-songen «U Got 2 Know», som nytta det særeigne riffet frå «Happy House». Cappella vart seinare saksøkt for å ikkje ha betalt for å bruke songen.Price, Simon. «Kisses in the Dreamhouse». Melody Maker. 8. august 1993. P.41. «Happy House built on a naggingly eerie synth riff (recently stolen by Cappella's »U Got 2 Know)« I 2000 sampla det elektroniske rockebandet Mindless Self Indulgence opningsriffet på singlen «Bitches» frå albumet Frankenstein Girls Will Seem Strangely Sexy. I 2011 sampla The Weeknd fleire element frå originalutgåva på songen hans «House of Balloons» frå albumet med same namn.Miller, Andrew. »Self Pleasure«. Thepitchkc.com. 14. februar 2002. Henta 14. oktober 2019.Neyland, Nick.»The Weeknd’s House Of Balloons" . Pitchfork. 28. mars 2011. Henta 14. oktober 2019.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Happy House» frå , den 14. august 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Singlar frå 1980 Kategori:Siouxsie and the Banshees-songar Kategori:Polydor Records-singlar Kategori:Songar produserte av Nigel Gray Kategori:Songar frå 1980 Kategori:Songar skrivne av Steven Severin Kategori:Songar skrivne av Siouxsie Sioux