For ander stader som heiter Jutulhogget, sjå Jutulhogget (fleirtyding) mini|Nede i Jutulhogget Jutulhogget ligg midt i Rondane nasjonalpark og er eit 100 meter langt juv som skjer seg fleire titals meter djupt ned i fjellet.
Dette naturfenomenet blei grave ut av store vassmassar mot slutten av den siste istida. Vassmassane er i dag avgrensa til Kaldbekken, som kastar seg nedover dei glatte fjellveggane i det fuktige, mørke og litt trolske juvet. Kaldbekken renn ut i elva Store Ula.
Juvet må ikkje forvekslast med Jutulhogget på Barkaldkjølen mellom Rendalen og Alvdal kommune.
Kategori:Rondane Kategori:Kløfter i Noreg Kategori:Geologi i Innlandet Kategori:Geografi i Sel