Big Music er det sekstande studioalbumet til det skotske rockebandet Simple Minds. Det kom ut 31. oktober 2014 på Sony Music. «Honest Town» var den første singelen og kom ut 10. oktober 2014. Album var tilgjengeleg for nedlasting frå 28. oktober 2014.
Bakgrunn Simple Minds-songaren Jim Kerr sa at Big Music hadde mykje kraft og lidenskap, hast og moment, og la til at «det er energisk, det har ei rå kraft og mykje vitalitet».
Innspeling 19. mai 2014 vart det annonsert at Simple Minds nettopp var ferdig med innspelinga av Big Music. Likevel gjekk dei i studio igjen 27. august 2014.
Utgjeving 4. september 2014 kom det eit videokilpp for «Blindfolded».
Albumet kom ut 31. oktober 2014 i ei rekkje land, og 3. november 2014 i resten av verda. Tittelsporet var meint som den første singelen frå albumet, men vart droppa i siste augneblink. Den første singelen vart i staden «Honest Town», som kom ut 10. oktober 2014.
Mottaking Albumet fekk generelt god kritikk då det kom ut. På nettsida Metacritic, som samlar ei rekkje meldingar, har albumet ein score på 75 av 100, basert på 12 utvalde meldingar. The Guardian vurderte albumet til tre av fem stjerner og skreiv at «bandet har klart å skape eit popalbum som både er tru mot stilen deira og interessant nok til å gje det ei moderne kjensle.»
Big Music gjekk rett inn på 12. plassen på UK Albums Chart etter å ha selt litt over 10 000 eksemplar den første veka, og vart den 17. plata deira som nådde topp 75 i Storbritannia.
Innhald
Medverkande Frå plateomslaget:
Simple Minds Jim Kerr – vokal Charlie Burchill – gitar, keyboard, programmering Mel Gaynor – trommer Andy Gillespie – keyboard, korvokal Ged Grimes – bassgitar
Andre medverkande Sarah Brown – korvokal Clinton Outten – korvokal
Produksjon Steve Osborne – produsent, programmering Simple Minds – produsent Gavin Goldberg – produsent, programmering, klaverinstrument, miksar, akustisk gitar Andy Wright – produsent, programmering, klaverinstrument Owen Parker – original produsent, korvokal, ekstra gitar, ekstra programmering Iain Cook – ekstra programmering Tom Dalgety – ekstra lydteknikar John Henry – ekstra lydteknikar Lewis Chapman – ekstra miksar JP Chalbos – mastering
Salslister
Vekeslister Liste (2014) Plassering scope="row" scope="row" scope="row" scope="row" scope="row" scope="row" scope="row" scope="row" scope="row" scope="row"
Årslister Liste (2014) Plassering Belgiske album (Ultratop Flandern) 120 Belgiske album (Ultratop Vallonia) 117
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Big Music» frå , den 12. september 2020.
Kategori:Musikkalbum frå 2014 Kategori:Simple Minds-album