Kristkyrkja var ei kyrkje i Borgundkaupangen i mellomalderen. Eldste omtalen av kyrkja og presten er frå 1309. Det går fram av omtalen i Aslak Bolts jordebok (1432) at kyrkja allereie låg øyde. Ein trur at det er ruinen av denne kyrkja som i 1880 er omtala å liggje like nedanfor prestegardslåven, søraust for noverande Borgund kyrkje, men at ho er borte no. Staden er ikkje arkeologisk undersøkt.

Kyrkja skal ha vore ei steinkyrkje frå andre halvdelen av 1100-talet, med rektangulært skip og kvadratisk kor, utvendig kledd med marmorkvader.

Nemninga kristkyrkje vert ofte nytta om domkyrkjer med biskop, men eksistensen av eit eventuelt kortvarig bispedøme på Sunnmøre synest ikkje eintydig påvist.

Kjelder Kristkirken — Borgund på nettstaden «Middelalder på Sunnmøre»

Denne artikkelen bygger på «Kristkirken (Borgund)» frå , den 21. september 2020.

Fotnotar Diplomatarium Norvegicum XV:1 Side 131 og 136.

Sjå t.d. Kulturminnesøk.

Jan Brendalsmo: Kildegjennomgang: Middelalderske kirkesteder i Møre og Romsdal fylke (Riksantikvaren, 2016), s. 18.

Middelalder på Sunnmøre

Bakgrunnsstoff Kristkirken kirkested i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren Borgund-kaupangen ved Kata-vågen i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren

Kategori:Tidlegare kyrkjer i Noreg Kategori:Kyrkjer i Ålesund Kategori:Kulturminne i Ålesund