mini|Grefsenåsen kapell fotografert mellom 1935 og 1940. thumb|Kirkens hus under jubileumsutstillinga på Frogner i 1914. Grefsenåsen kapell stod vest for Lachmanns veiDNK om Grefsen kirkes historieKart frå 1938 hos Oslo byarkiv i Oslo frå 1916 til 1959. Kapellet var oppført til jubileumsutstillinga på Frogner, som vart arrangert i perioden 15. mai til 11. oktober 1914, og det gjekk under namnet «Kirkens hus» så lenge utstillinga varte. Kapellet var teikna av seinare byarkitekt Harald Aars.
Etter at jubileumsutstillinga var over, kjøpte Tøyen småkirkemenighet kapellet og fekk det gjenreist på ei tomt dei eigde i Grefsenåsen. Kapellet vart innvigd 13. august 1916 av biskop Jens Frølich Tandberg.
Kapellet var opent i sommerhalvåret inntil verksemda vart lagt ned og bygningen teke over av Selvaagbygg i 1959. Kapellet vart rive ikkje lenge etter.
Kjelder
Geir Tandberg Steigan: Oslo: Grefsenåsen kapell (Arkitekturhistorie.no) Oslo byleksikon Denne artikkelen bygger på «Grefsenåsen kapell» frå , den 23. september 2020.
Fotnotar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Tidlegare kyrkjer i Noreg Kategori:Kyrkjer i Oslo Kategori:Kulturminne i Oslo