Israel debuterte i Eurovision Song Contest i 1973 og har delteke 44 gongar. Israel har vunne Eurovision Song Contest fire gongar: i 1978, 1979, 1998 og 2018. I tillegg har Israel to andreplassar og ein tredjeplass i tevlinga. Israel har aldri hamna på sisteplass i Eurovision Song Contest. Etter innføringa av semifinalar i 2004, har Israel kvalifisert seg til finalen ved 11 av 18 høve. Israel har arrangert Eurovision Song Contest tre gongar: i Jerusalem i 1979 og 1999 og i Tel Aviv i 2019.

Sjølv om Israel ligg i Asia, kan Israel deltake i Eurovision Song Contest. Årsaka er at den israelske kringkastaren KAN er eit fullverdig medlem av EBU, og at Israel ligg innanfor Det europeiske kringkastingsområdet, som er dei to hovudkrava for å kunne deltake i tevlinga.

Historikk Israel har historiske og kulturelle tette band til Europa, og landet har vore ein ivrig og trufast deltakar i Eurovision Song Contest sidan debuten i 1973. Sjølv om Israel ikkje ligg i Europa, har landet delteke i og med at kringkastarane IBA og KAN er medlemmar i Den europeiske kringkastingsunionen. Israel ligg også innanfor det geografiske definerte europeiske kringkastingsområdet, og landet oppfyller dimed krava som stillast for å deltake i tevlinga. Fleire andre ikkje-europeiske land har også delteke; Marokko deltok i 1980, og Libanon hadde konkrete planar om å deltake i 2005. Dessutan kan land som Irak, Egypt, Jordan og Syria deltake i Eurovision Song Contest, sidan dei også ligg innanfor Det europeiske kringkastingsområdet.

Ny kringkastar Fram til og med 2017 var det den israelske allmennkringkastaren IBA som plukka ut dei israelske bidraga, og som sende Eurovision Song Contest i Israel. Dagen etter tevlinga i 2017 vart IBA lagd ned, og Israel si framtidige deltaking var lenge uavklara. Då den israelske poengopplesaren Ofer Nachshon skulle lese opp dei israelske jurypoenga i 2017, opna han med å takke for 44 år i Eurovision Song Contest og tok deretter farvel med Israel si deltaking i tevlinga.

Den noverande kringkastaren, KAN, starta sendingar i mai 2017. KAN vart eit fullverdig medlem av EBU fyrst i desember 2018, og kringkasteren hadde i utgangspunktet difor ikkje rett til å deltake i Eurovision Song Contest i 2018. Men sommaren 2017 signerte KAN og EBU ei avtale som sikra Israel deltaking i Eurovision Song Contest i 2018 - ei tevling Israel vann.

Starten Israel debuterte i Eurovision Song Contest i Luxembourg i 1973. Det israelske bidraget, «Ey sham», enda på ein fjerdeplass, og dei neste åra enda Israel midt på resultatlista. Den fyste sigeren til Israel kom allereie i 1978 med discolåten «A-ba-ni-bi», og på heimebane året etter, vann Israel igjen med evergreenen «Hallelujah». Den israelske vinnarsongen vart ein stor hit over heile Europa og låg på topp på VG-lista i elleve veker. Denne songen er framleis den største Eurovision-hiten i Noreg gjennom tidene.

Den beste perioden til Israel var i åra 1978-1985, med to sigrar, to andreplassar og ein femteplass. Israel var nær ved å vinne igjen i 1991 og fekk ein sjetteplass i 1992. Israel vann for tredje gong i 1998 med Dana International og songen «Diva», det året der telefonavrøysting vart innført for alle land. Etter tusenårsskiftet har Israel hatt varierande resultat. Landet fekk ein fjerdeplass i 2005 og to niandeplassar i 2008 og 2015, men i 2018 lykkast Israel å vinne sin fjerde siger i tevlinga med Netta og songen «Toy». Etter innføringa av semifinalar i 2004, har Israel kvalifisert seg til finalen ved 10 av 16 høve – og sidan 2015 har Israel kvalifisert seg til finalen kvart år.

Fråvær Israel har delteke 44 gongar sidan debuten i 1973 og har stått utanfor tevlinga ved fem anledningar. I 1980 bad Israel om at eit anna land skulle arrangere Eurovision Song Contest, sidan det ville verte for dyrt for den israelske kringkastaren IBA å arrangere to finalar på rad. Etter mykje om og men tok Nederland på seg arrangørjobben. Men finalen i 1980 vart lagt til same dag som jom hazikaron, den israelske minnedagen over falne israelske soldatar. Dimed trekte Israel seg frå tevlinga for fyrste gong. Det same gjentok seg i 1984, og også då trekte Israel seg frå tevlinga.

Også i 1994, 1996 og 1997 var Israel fråverande frå Eurovision Song Contest. Fråværet i 1994 skuldast den dårlege plasseringa til Israel året før, medan fråværet i 1996 kom av at det israelske bidraget ikkje kvalifiserte seg frå førehandskvalifiseringa til EBB. I 1997 falt Eurovision Song Contest på same dag som jom hasjoá, den israelske og jødiske minnedagen over holocaust. Israel stod dimed over tevlinga, men har deltek kvart år sidan.

Dei israelske bidraga har stort sett alltid vorte framført på hebraisk, men etter opphevinga av språkregelen i 1999 har dei israelske bidraga som regel vorte framført på både hebraisk og engelsk. I 2009 hadde Israel for fyrste gong eit bidrag med arabisk i seg, då den jødisk-arabiske duoen Noa og Mira Awad song songen «There Must Be Another Way» på hebraisk, engelsk og arabisk. I 2015 var det fyrste gongen Israel ikkje song på hebraisk, sidan bidraget «Golden Boy» vart framført fullt ut på engelsk. Sidan har alle dei israelske bidraga for det meste vorte framført på engelsk.

Arabiske reaksjonar Den israelske deltakinga har vore gjenstand for fleire kontroversar på grunn av rolla til Israel i Midtausten-konflikta. Særleg har dei arabiske landa vore kritiske og negative til at Israel får deltake i Eurovision Song Contest. Allereie ved debuten i 1973 sørga den israelske deltakinga for det største sikkerheitsoppbodet i tevlinga til da. Rykta sa også at den israelske deltakaren, Ilanit, opptredde med ein skotsikker vest under kjolen, noko Ilanit har tilbakevist i ettertid.

I 1978 sende fleire arabiske land tevlinga på fjernsyn. Då det israelske bidraget vart framført, viste den jordanske kringkastaren i staden eit bilete av blomar. Då det vart klart at Israel ville vinne tevlinga, avbraut jordansk tv heile sendinga under påskot av at dei hadde tekniske problem. Dagen etter erklærte den jordanske tv-kanalen at andreplassen Belgia hadde vunne.

I 1979 arrangerte Israel finalen i Jerusalem, og Tyrkia skulle deltake med songen «Seviyorum». Etter sterkt press frå sine arabiske allierte, valde Tyrkia til slutt å trekkje seg frå tevlinga kort tid før finalen.

Den israelske deltakinga har også gjort at fleire arabiske land har nekta å deltake i Eurovision Song Contest. Då Israel var fråverande i 1980, valde Marokko å deltake, men landet har ikkje delteke sidan. I 2005 skulle også Libanon deltake for fyrste gong. Libanesisk lovgjeving forbyr derimot media å kringkaste program med israelsk innhald. Dette gjorde at den libanesiske kringkastaren ikkje kunne vise det israelske bidraget eller opprette eit telefonnummer der tv-sjåarane kunne ringe inn og røyste på Israel. Til slutt måtte Libanon trekkje seg frå tevlinga, og landet har ikkje gjort noko forsøk på å deltake sidan.

Bidraga År Artist Song Språk Finalen Semifinalen Poeng Plass Poeng Plass 1973 Ilanit «Ey sham» Hebraisk 97 4 1974 Kaveret «Natati la khayay» Hebraisk 11 7 1975 Shlomo Artzi «At va'ani» Hebraisk 40 11 1976 Shokolad, Menta, Mastik «Emor shalom» Hebraisk 77 6 1977 Ilanit «Ahava hi shir lishnayim» Hebraisk 49 11 1978 Izhar Cohen og Alphabeta «A-ba-ni-bi» Hebraisk 157 1 1979 Gali Atari og Milk and Honey «Hallelujah» Hebraisk 125 1 1980 Ha'achim ve ha'achayot «Pizmon chozer» Hebraisk colspan="2" 1981 Hakol Over Habibi «Halayla» Hebraisk 56 7 1982 Avi Toledano «Hora» Hebraisk 100 2 1983 Ofra Haza «Khay» Hebraisk 136 2 1984 Ilanit «Balalaika» Hebraisk colspan="2" 1985 Izhar Cohen «Olé, Olé» Hebraisk 93 5 1986 Moti Giladi og Sarai Tzuriel «Yavo yom» Hebraisk 7 19 1987 Lazy Bums «Shir habatlanim» Hebraisk 73 8 1988 Yardena Arazi «Ben adam» Hebraisk 85 7 1989 Gili og Galit «Derekh hamelekh» Hebraisk 50 12 1990 Rita «Shara barkhovot» Hebraisk 16 18 1991 Duo Datz «Kan» Hebraisk 139 3 1992 Dafna Dekel «Ze rak sport» Hebraisk 85 6 1993 Sarah'le Sharon og gruppa Shiru «Shiru» Hebraisk og engelsk 4 24 1995 Liora «Amen» Hebraisk 81 8 1996 Galit Bell «Shalom olam» Hebraisk colspan="2" 12 28 1998 Dana International «Diva» Hebraisk 172 1 1999 Eden «Yom Huledet (Happy Birthday)» Hebraisk og engelsk 93 5 2000 PingPong «Sameach» Hebraisk og engelsk 7 22 2001 Tal Sondak «En davar» Hebraisk og engelsk 25 16 2002 Sarit Hadad «Nadlik beyakhad ner (Light a Candle)» Hebraisk og engelsk 37 12 2003 Lior Narkis «Words for Love» Hebraisk, engelsk, fransk,gresk og spansk 17 19 2004 David D'Or «Leha'amin» Hebraisk og engelsk colspan=2 57 12 2005 Shiri Maimon «Hasheket shenish'ar» Hebraisk og engelsk 154 4 158 7 2006 Eddie Butler «Together We Are One» Hebraisk og engelsk 4 23 colspan=2 2007 Teapacks «Push the Button» Hebraisk, engelsk og fransk colspan=2 17 24 2008 Bo'az Ma'uda «The Fire In Your Eyes» Hebraisk og engelsk 124 9 104 5 2009 Noa og Mira Awad «There Must Be Another Way» Hebraisk, arabisk og engelsk 53 15 75 7 2010 Harel Skaat «Milim» Hebraisk 71 14 71 8 2011 Dana International «Ding Dong» Hebraisk og engelsk colspan=2 rowspan=4 38 15 2012 Izabo «Time» Hebraisk og engelsk 33 13 2013 Moran Mazor «Rak bishvilo» Hebraisk 40 14 2014 Mei Finegold «Same Heart» Hebraisk og engelsk 19 14 2015 Nadav Guedj «Golden Boy» Engelsk 97 9 151 3 2016 Hovi Star «Made of Stars» Engelsk 135 14 147 7 2017 IMRI «I Feel Alive» Engelsk 39 23 207 3 2018 Netta Barzilai «Toy» Engelsk og hebraisk 529 1 283 1 2019 Kobi Marimi «Home» Engelsk 35 23 colspan=2 Eden Alene «Feker Libi» Hebraisk, engelsk, arabisk og amharisk colspan="4" 2021 Eden Alene «Set Me Free» Engelsk og hebraisk 93 17 192 5 2022 Michael Ben David «I.M» Engelsk colspan="2" 61 13 2023 Noa Kirel «Unicorn» Engelsk og hebraisk 362 3 127 3 2024 Eden Golan «» Engelsk og hebraisk 375 5 194 1 2025 Yuval Raphael «New Day Will Rise» Engelsk, fransk og hebraisk 357 2 203 1 2026 «» Fransk, hebraisk og engelsk

Røystehistorikk (1973-2021) Finalane

+ Israel har gjeve flest poeng til Nr. Land Poeng1 1712 1593 1554 1345 125

+ Israel har fått flest poeng frå Nr. Land Poeng1 2052 1603 1454 1415 138

Galleri

Eurovision Song Contest i Israel År Stad Arena Programleiarar 1979 Jerusalem International Convention Center Yardena Arazi og Daniel Pe'er 1999 Dafna Dekel, Sigal Shachamon og Yigal Ravid 2019 Tel Aviv Expo Tel Aviv Bar Refaeli, Erez Tal, Assi Azar og Lucy Ayoub

Sjå òg Israel i Junior Eurovision Song Contest

Referansar

Kjelder Den offisielle nettsida til Eurovision Song Contest Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen «Israel i Eurovision Song Contest» frå , den 26. september 2020.

Kategori:Land i Eurovision Song Contest