Aaron Corthen, betre kjend som A.C. Reed () var ein amerikansk blues-saksofonist, nært knytt til Chicago blues-miljøet frå 1940-åra til 2000-åra.

Biografi Reed var fødd i Wardell i Missouri, og voks opp sør i Illinois. Han tok scenenamnet sitt frå venen Jimmy Reed. Han flytta til Chicago under andre verdskrigen, og spelte med Earl Hooker og Willie Mabon i 1940-åra. Han turnerte med Dennis «Long Man» Binder i 1956 og arbeidde mykje som sidemann for bluesselskapet til Mel London i 1960-åra, med Lillian Offitt og Ricky Allen, blant fleire. Han fekk ein populær singel i Chicago-området i 1961 med «This Little Voice», og spelt einn fleire andre singlar det neste tiåret for Age, USA, Cool og Nike Records.

Han vart medlem av bandet til Buddy Guy i 1967 og spelte med han på turneen hans i Afrika i 1969, og med Junior Wells varma han opp for Rolling Stones i 1970. Han spelte med Guy fram til 1977. Han spelte så med Son Seals og Albert Collins seint i 1970- og i 1980-åra. Han byrja å spele inn solomateriale for Alligator Records i 1980-åra. Albumet hans I'm in the Wrong Business frå 1987 vart spelt inn med Stevie Ray Vaughan og Bonnie Raitt som gjesteartistar.

Reed turnerte mykje i 1980- og 1990-åra med bandet sitt, The Spark Plugs, og spelte små konsertstader i USA. Han og The Sparkplugs spelte i Chicago før han døydde av kreft i 2004.

Diskografi Take These Blues and Shove 'Em (Rooster Blues, 1982) I Got Money (Blue Phoenix, 1986) (med Maurice John Vaughn) I'm in the Wrong Business (Alligator Records, 1987) Junk Food (Delmark Records, 1998) Med Magic Sam Rockin' Wild in Chicago (Delmark, 1964 )

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «A.C. Reed» frå , den 27. september 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Folk frå Pemiscot County i Missouri Kategori:USA-amerikanske bluessaksofonistar Kategori:Musikarar frå Missouri Kategori:Soul-blues-musikarar Kategori:Døde av kreft