Ron Meagher () ein USA-amerikansk bassist, mest kjend som medlem i rockebandet The Beau Brummels. Då gitaristen og låtskrivaren Ron Elliott sette saman bandet i 1964, spurte han venen sin, Kay Dane, om ho kjende ein god bassist. Dane tilrådde Meagher, men sa, «Han er litt rar. Han har langt hår!» Etter han vart med i bandet vart Meagher ein viktig del av imaget til bandet, sidan han var ein av dei første amerikanske rockemusikarane med Beatles-aktig hår.
I tillegg til å syngje korvokal, song Meagher stundom solo, som på «They'll Make You Cry», ein song frå debutalbumet deira Introducing the Beau Brummels i 1965. Han vart verande med bandet då dei vart redusert frå ein kvintett til ein trio i 1967 for albumet Triangle.
Under innspelinga av det neste albumet deira, Bradley's Barn, 1968, vart Meagher trekt ut til militærteneste og vart ein av få musikarar får eit kjend rockeband som deltok i Vietnamkrigen. Då han kom heim att to år seinare, spelte Meagher i The Black Velvet Band med den tidlegare Beau Brummels-kollegaen Declan Mulligan. Meagher spelte fleire gonger med Beau Brummels at dei neste tre tiåra, mellom anna på albumet The Beau Brummels i 1975.
Diskografi Med The Beau Brummels Introducing the Beau Brummels (1965) The Beau Brummels, Vol. 2 (1965) Beau Brummels '66 (1966) Triangle (1967) The Beau Brummels (1975)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ron Meagher» frå , den 21. oktober 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:USA-amerikanske rockebassistar Kategori:Musikarar frå San Francisco Bay Area Kategori:The Beau Brummels-medlemmar