Maskorama er eit fjernsynsprogram som er den norske utgåva av det internasjonale konseptet The Masked Singer. Silje Nordnes er programleiar for Maskorama.

Konsept Konseptet går ut på at eit «detektivpanel», beståande av kjendisar, saman med publikum skal gjette kva for kjendisar som har ikledd seg spektakulære kostyme og masker og framfører eit musikalsk nummer av høg kvalitet. Deltakarane har fordreia stemme i alle samanhengar, bortsett frå når dei syng live. Etter at alle framsyningar har vorte gjennomførte, skal publikum røyste på sine favorittar, og den som får færrast røyster er ute av tevlinga og må «ta av seg maska og få sin identitet avslørt».

Detektivpanel og programleiar Programleiar for Maskorama er Silje Nordnes.

«Detektivpanelet» bestod i sesong 1–3 av stylisten Jan Thomas, artisten Marion Ravn og programleiar og komikar Nicolay Ramm. I tredje sesong var det i tillegg ein gjestedetektiv i kvart program. I sesong 4 tok skodespelar og komikar Robert Stoltenberg og radioprogramleiar Tete Lidbom over rollene som «detektivar» for Thomas og Ramm. I sesong 6 overtok artist Tone Damli rolla som «detektiv» for Ravn. I sesong 7 overtek programleiar Leo Ajkic rolla som «detektiv» for Stoltenberg.

Sesongoversikt + Sesong Vinnar Andreplass Tredjeplass Premiere Finale 1 Ulrikke Brandstorpsom «Trollet» Markus Baileysom «Elgen» Herman Dahlsom «Vikingen» 7. november 2020 12. desember 2020 2 Didrik Solli-Tangensom «Snømonsteret» Victor Sotbergsom «Draken» Ingeborg Walthersom «Bamsen» 6. november 2021 11. desember 2021 3 Bilal Saabsom «Zombien» Daniel Kvammensom «Ulven» Øystein Pettersensom «Rabagasten» 15. oktober 2022 19. november 2022 4 Kevin Vågenessom «Kattepusen» Linnéa Myhresom «Spirrevippen» Charlotte Frognersom «Spøkelset» 11. november 2023 16. desember 2023 5 Kim Wigaardsom «Stein» Danby Choisom «Moskusen» Tone Damlisom «Gladfisken» 9. november 2024 14. desember 2024 6 PelleKsom «Brokkolien» Christine Danckesom «Hundekvalpen» Emma Gunnarsensom «Marionetten» 8. november 2025 13. desember 2025 7 24. oktober 2026

Podkast Den 1. oktober 2021 vart det annonsert at NRK skal lansere ein podkast om Maskorama. Programleiar for podkasten var Sarah Natasha Melbye. Totalt vart det sloppe 28 episodar av podkasten, i tillegg til at episodane vart sende på NRK Radio kvar torsdag og sundag. Podkasten hadde premiere 21. oktober 2021. Den 6. november 2023 vart det offentleggjort at det ikkje vart ein ny sesong av podkasten.

Prisar og nominasjonar År Utmerking Kategori Nominert/vinnar Resultat 2021 Gullruten Beste underhaldningsprogram Maskorama Beste grafiske design , , og Beste kostyme Kjell A. Nordström 2022 Gullruten Beste underhaldingsprogram Maskorama Beste programleder – underhalding Silje Nordnes Beste foto einkamera – underhalding Beste ljosdesign Reality Awards Beste underhaldingsprogram Maskorama Årets comeback – Maskorama 2023 Gullruten Beste underholdningsprogram Maskorama Beste foto einkamera – underhalding Beste kostyme 2025 Gullruten Beste programleiar - underhaldning Silje Nordnes Beste ljosdesign 2026 Gullruten Beste programleiar - underhalding Silje Nordnes

Referansar

Denne artikkelen bygger på «Maskorama» frå , den 13. oktober 2021.

Kategori:Fjernsynsprogram frå NRK Kategori:Gullruten for beste TV-program Kategori:TV-program med vinnarar av Gullrutens fagpris