Nevada Fighter er det tredje soloalbumet til den amerikanske musikaren Michael Nesmith etter han slutta i The Monkees. Det var det tredje og siste albumet hans pelte inn med First National Band. Det kom ut på RCA Records i 1971 og nådde ikkje høgare enn 202. plassen på albumlista. Den første singelen frå albumet, «Nevada Fighter», nådde 70. plassen på Billboard-lista.

John London og John Ware slutta i gruppa seint i november 1970. To spor kom ikkje med på det endelege albumet - «Here I Am» (spelt inn tidleg i januar 1971) og «Only Bound» (spelt inn seint i januar). Nesmith henta inn James Burton, Joe Osborn og Ron Tutt til å fullføre albumet. Dei tre hadde arbeidd i lag med Nesmith då han var ein del av The Monkees.

Sporet «Nevada Fighter» vart opphavleg spelt inn med tittelen «Apology.» «Propinquity» var den tredje versjonen av denne songen Nesmith spelte inn. Han laga ein demo av songen for The Monkees i 1966 og spelte inn ein versjon med gruppa i 1968.

Innhald

Salslister Liste (1971)PlasseringUSA (Billboard 200)218Australia (Kent Music Report)45

Medverkande Michael Nesmith – vokal, gitar John London – bass John Ware – trommer Red Rhodes – pedalsteelgitar

Andre medverkande: Joe Osborn – bass Max Bennett – bass Glen Hardin – klaverinstrument Michael Cohen – klaverinstrument Ron Tutt – trommer James Burton – gitar Al Casey – gitar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Nevada Fighter» frå , den 28. oktober 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1971 Kategori:Michael Nesmith-album Kategori:RCA Records-album