John Thomas Hartman () var ein amerikansk trommeslagar og originalt medlem i The Doobie Brothers. Då bandet vart starta var Hartman den einaste trommeslagaren i bandet, men frå 1971 henta gruppa inn ein trommeslagar til, Michael Hossack, og etter dette hadde alltid to trommeslagarar.
Hartman spelte på alle dei store hittane til The Doobie Brothers i 1970-åra med både Tom Johnston og Michael McDonald. Han slutta tidleg i 1979 for å fokusere på arabarhestane sine på ranchen sin i California.
Hartman vart lokka med tolv andre tidlegare Doobies-medlemmar for ein kort, veldedig turné i 1987. Hartman vart så med i ei sameina utgåve av bandet året etter. Han spelte på albuma Cycles (1989) og Brotherhood (1991) og dei tilhøyrande turneane. Etter ein konsert til støtte for den alvorleg kreftsjuke perkusjonisten deira Bobby LaKind, slutta Hartman i bandet.
Diskografi Album The Doobie Brothers (1971) Toulouse Street (1972) (US #21) The Captain and Me (1973) (US #7) What Were Once Vices Are Now Habits (1974) (US #4) Stampede (1975) (US #4) Takin' It to the Streets (1976) (US #8) Livin' on the Fault Line (1977) (US #10) Minute by Minute (1978) (US #1) Cycles (1989) (US #17) Brotherhood (1991) (US #82) On Our Way Up (2001) Divided Highway (2003) (med songar frå Cycles og Brotherhood) Live at the Greek Theater 1982 [Live] (2011) (gjesteartist på ein song)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «John Hartman» frå , den 1. november 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:USA-amerikanske rocketrommeslagarar Kategori:The Doobie Brothers-medlemmar Kategori:USA-amerikanske trommeslagarar