«You're Gonna Change (Or I'm Gonna Leave)» er ein song skriven av Hank Williams. Han kom ut på singel på MGM Records i september 1949 og nådde fjerdeplassen på Best Selling Retail Folk Records-lista.
Bakgrunn «You're Gonna Change (Or I'm Gonna Leave)» var den fjerde i ei rekkje på tjue topp 10-hittar på rad som Williams hadde mellom 1949 og nyårsdagen 1953, då han døydde. Songen er eit godt døme på ei typisk A-side av ein Hank Williams-song: ein livleg honkytonk-song ein kunne danse til. I songen skuldar forteljaren kona si om å lyge og åtvarar ho om at ho helst bør endre seg eller så kjem han til å forlate ho for godt. Williams-biografen Colin Escott skriv at songen «tydlegvis oppstod etter ein krangel på Charles Street,» der Hank delte eit ofte konfliktfylt liv med kona Audrey Williams. Han spelte inn songen akkompagnert av Dale Potter (fele), Don Davis (steelgitar), Zeb Turner (sologitar), Clyde Baum (mandolin), Jack Shook (rytmegitar) og truleg Ernie Newton (bass). Han vart spelt inn i Castle Studio i Nashville den 2. mars 1949 med Fred Rose som produsent.
Andre versjonar George Jones spelte inn songen i 1962 på albumet My Favorites of Hank Williams. Hank Williams jr. spelte inn songen for albumet sitt The New South i 1977 med Waylon Jennings på gitar og korvokal. Tom Petty spelte ein versjon av songen på hyllestalbumet til Williams Timeless: Hank Williams Tribute i 2001. Emmylou Harris spelte inn songen i 1980 under innspelinga av bluegrassalbumet hennar Roses in the Snow, men kom ikkje med på det endelege albumet og kom først ut i 2002 som bonusspor på denne plata. The Screaming Blue Messiahs spelte inn songen i 1984 på albumet deira Good and Gone
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «You're Gonna Change (Or I'm Gonna Leave)» frå , den 15. november 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Songar frå 1949 Kategori:Songar skrivne av Hank Williams Kategori:Hank Williams-songar Kategori:Songar produserte av Fred Rose Kategori:George Jones-songar Kategori:Hank Williams jr.-songar Kategori:Tom Petty-songar Kategori:Emmylou Harris-songar