Winter Light er det nittande studioalbumet til den amerikanske songaren Linda Ronstadt, gjeve ut seint i 1993.
Historie Winter Light var det første soloalbumet til Ronstadt sidan Don't Cry Now som ikkje var produsert av Peter Asher. Ho valde å produsere seg sjølv i lag med George Massenburg. Ronstadt gjekk for ein stil med lag på lag med lyd i ein Enya-aktig New Age-stil, som på Anna McGarrigle sin «Heartbeats Accelerating» — den første hitsingelen på albumet — og Brian Wilson sin «Don't Talk (Put Your Head on my Shoulder)». Det vart laga ein musikkvideo til «Heartbeats Accelerating». Songen «Oh No Not My Baby» gjekk inn på topp 30 på Adult Contemporary-lista våren 1994.
Tre av songane var opphavleg sungne av kvinner i 1960-åra - «Anyone Who Had A Heart», «Oh No Not My Baby» og «I Just Don't Know What to Do with Myself» - som tidlegare var blitt spelt inn av Dusty Springfield. Ronstadt valde ut klassiske komposisjonar av forskjellige låtskrivarar som Burt Bacharach, Carole King og Jimmy Webb, i tillegg til meir moderne låtskrivarar som Tish Hinojosa.
Tittelsporet vart nytta i filmen The Secret Garden, men var ikkje med på filmmusikkalbumet som kom ut etter filmen i 1993.
Mottaking
Rolling Stone gav albumet fire av fem stjerner. Det selde derimot skuffande og nådde berre 92. plassen på Billboard-lista, og selde kring 250 000 eksemplar i USA.
Allmusic-kritikaren Jose Promis skreiv «Winter Light kan utan tvil reknast som det beste popalbumet til Linda Ronstadt i 1990-åra. Det er ingen dårlege spor på dette godt produserte albumet. Faktisk vert det betre ved kvar gjennomlytting. Dette undervurderte albumet er rett og slett ein juvel, og eit must for fans av songaren.» Dei gav likevel berre tre av fem stjerner til albumet.
Innhald
Medverkande Musikarar
Linda Ronstadt – solovokal, korvokal (1, 4, 8, 10, 11) Robbie Buchanan – synthesizer (1, 3, 4, 8-11), akustisk piano (2, 3, 4, 8-11), Hammond B3 organ (2, 4, 7, 10), elektrisk piano (3, 7) Matt Rollings – akustisk piano (5, 6, 7, 10) Dean Parks – gitar (1, 2, 4-10), akustisk gitar (2), elektrisk gitar (3), mandolin (9) Bob Glaub – bass (1, 2) Leland Sklar – bass (1, 3-10) Russ Kunkel – trommer, perkusjon Emil Richards – vibrafon (3) Dennis James – glassharmonika (1, 8, 9) Dave Boroff – tenorsaksofon (3) Plas Johnson – tenorsaksofon (9) Jon Clarke – altfløyte (8), bass fløyte (8), blokkfløyte (9) David Campbell – orkesterarrangement og dirigent (3, 5, 7, 8, 9) Valerie Carter – korvokal (1) Alex Brown – korvokal (2, 3, 5, 7, 10) Mortonette Jenkins – korvokal (2, 3, 5, 7, 10) Marlena Jeter – korvokal (2, 3, 5, 7, 10) Donny Gerrard – korvokal (6) Arnold McCuller – korvokal (6) Aaron Neville – korvokal (6) Josef Powell – korvokal (6)
Teknisk George Massenburg – produsent, lydteknikar, miksing Linda Ronstadt – produsent, miksing, lydteknikar Peter Asher – medprodusent (spor 1 & 4) Steve Tyrell – medprodusent (spor 3, 5, 6 & 7) Kevin Scott – assisterande lydteknikar Craig Silvey – assisterande lydteknikar Doug Sax – mastering Gavin Lurssen – mastering John Kosh – kunstnarisk leiar, design Robert Blakeman – fotografi
Studio Spelt inn i The Site og Skywalker Ranch (Marin County i California); Conway Studios (Hollywood). Mastering i The Mastering Lab (Hollywood, CA).
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Winter Light (Linda Ronstadt album)» frå , den 8. desember 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 1993 Kategori:Linda Ronstadt-album Kategori:Elektra Records-album Kategori:Album produserte av George Massenburg