mini|Vanleg konstruksjonskvalitet mini|Puslespelet Tårnet i Hanoi konstruert i kryssfiner. Legg merke til at det lyse ytre laget er av høgkvalitetsfiner medan den mørkare kjernen her er av dårlegere kvalitet. Kryssfiner er ein type konstruksjonsvirke som er laga ved at tynne lag av finer er limt lagvis saman. Til vanleg slik at fibrane i kvart lag ligg 90 grader på kvarandre. Oftast er det og med eit odde tal lag, slik at plata får best mogleg eigenskapar mot å slå seg. Dermed kjem også fibrane i dei ytste laga normalt til å ligge parallelt. Platene vert limde saman, oftast med eit fenol-formaldehydlim under stort trykk. Dette gjer kryssfiner til eit slags komposittmateriale."Milestones in the History of Plywood" , APA - The Engineered Wood Association. Vitja oktober 22, 2007. "plywood is often called the original engineered wood product because it was one of the first to be made by bonding together cut or refashioned pieces of wood to form a larger and integral composite unit stronger and stiffer than the sum of its parts."
Ei vanleg grunngjeving for å bruke kryssfiner i staden for heiltre eller stavlimt heiltre, er evna til å motstå sprekking, krymping og vriding. Ofte er også kryssfiner sterkare enn heiltre.
mini|Kryssfiner i bjørk.
Bruk Kryssfiner vert brukt i mange samanhengar der ein treng ei sterk plate som kan motstå sprekking, krymping og vriding. Kryssfiner kan og inngå som berande element som til dømes i ytterflata på ei flyveng. Kryssfiner kan framstillast med dobbelkrumme flater og vere heilt sjølvberande som i skroget på ein sculler. Kryssfiner har vore brukt i båt- og flyindustrien sidan andre verdskrigen. Eit kjent døme er det britiske bombeflyet De Havilland Mosquito som i all hovudsak var laga i tre.
Sjå og Sponplate MDF
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Kryssfiner» frå , den 9. januar 2021 Fotnotar
Bakgrunnsstoff APA – The Engineered Wood Association (formerly known as the American Plywood Association) Canadian Plywood Association – Plywood Manufacturing Process, Grades and Specifications, Engineering Design Values, Technical Literature, Mill Contact Info, Environmental Practices, International Certification, Hobby Ply-Plans Sellers, Terry. 1985. Plywood and Adhesive Technology. New York: Dekker. ISBN 0-8247-7407-8 Yahoo about Article On Plywood Grades Handbook of Finnish Plywood
Kategori:Skogbruksprodukt Kategori:Trevirke Kategori:Komposittmateriale