José Monserrate Feliciano García (), meir kjend som José Feliciano, er ein puertoricansk musikar, songar og komponist, mest kjend for mange internasjonale hittar, som utgåva si av The Doors-songen «Light My Fire» og julesongen «Feliz Navidad». Musikken hans er kjend for å blande fleire stilar som latinamerikansk musikk, jazz, blues, soul og rock, som regel skapt med den unike, akustiske gitarspelinga hans. Han har ofte spelt ein roleg easy listening som er lett gjenkjenneleg i mange av songane hans.
I USA slo Feliciano først igjennom i 1960-åra, særskild etter albumet Feliciano! nådde andreplassen på albumlista i 1968. Så langt har han gjeve ut over 50 album verda over, på både engelsk og spansk.
Feliciano er fødd blind.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «José Feliciano» frå , den 30. januar 2021. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Offisiell nettstad
Kategori:Folk frå Lares i Puerto Rico Kategori:Blinde musikarar Kategori:Grammy-vinnarar Kategori:Latin Grammy-vinnarar Kategori:Bolero-songarar Kategori:Latin pop-songarar Kategori:Puertoricanske komponistar Kategori:Puertoricanske låtskrivarar Kategori:Puertoricanske gitaristar Kategori:Puertoricanske songarar Kategori:Puertoricanske popsongarar Kategori:Latin Grammy Lifetime Achievement Award Kategori:Musikarar frå New York City Kategori:USA-amerikanske gitaristar Kategori:Folk frå East Harlem