Samnordisk runetekstdatabase (svensk Samnordisk runtextdatabas) er eit prosjekt for å oppretta og halda ved like ein database for runeskrifter. Føremålet med prosjektet er å utvikla ein fullstendig katalog over runeskrift i eit maskinlesbart format for forsking. Databasen er fritt tilgjengeleg frå Institutionen för nordiska språk som Rundata 3.1 & SRD 2014 med eit klientprogram, kalla Rundata, for Microsoft Windows og som reine tekstfiler for andre operativsystem.
Historikk Opphavet til Samnordisk runetekstdatabase var ein database frå 1986 ved Universitetet i Uppsala over svenske runeinnskrifter for bruk ved Institutionen för nordiska språk. På eit seminar i 1990 vart det foreslege å utvida databasen til å dekka alle runeskrifter i dei nordiske landa, men finansieringa av prosjektet var ikkje på plass før det i 1992 vart gjeve støtte frå Axel och Margaret Ax:son Johnsons fond. Prosjektet vart offisielt starta 1. januar 1993 ved Universitetet i Uppsala. Etter 1997 hadde ikkje prosjektet økonomisk støtte og arbeidet heldt fram med ein redaksjonskomite på friviljug basis med deltakarar frå Riksantikvarembetet og Runeforum. I versjonen frå 19. mai 2015 var det over 6500 runeinnskrifter i databasen. I 2021 er det over 11000 runeinnskrifter, dei utgjer eit korpus på rundt 49000 ord.
Databaseelement Kvart element inneheld original tekst og translitterasjon til eit standardisert norrønt, ei engelsk og i nokre tilfelle norsk omsetjing, funnstad, geografiske koordinat, informasjon om materialet, føremål, utdrag frå kjelder og lenkjer til bilete.
Runesteinane vert identifisert med eit signum (ID-nummer) som består av opptil tre delar. Første delen skildrar opphavsstaden for inskripsjonen. For svenske inskripsjonar inneheld databasen ein kode for svenske landskap, og for innskrifter utanfor Norden ein landkode, denne er ulikt frå ISO 3166.
Landskapskodar:
Bo - Bohuslän D - Dalarna G - Gotland Gs - Gästrikland Hs - Hälsingland J - Jämtland Lp - Lappland M - Medelpad Nä - Närke Sm - Småland Sö - Södermanland U - Uppland Vg - Västergötland Vr - Värmland Vs - Västmanland Ög - Östergötland Öl - Öland
Landkode:
By - Bysants (Hellas og Tyrkia) DR - Danmark (inkludert Skåna, Blekinge, Halland og Slesvig) og med nummerering av steinane frå Jacobsen & Moltke (1941-1942) DEI - Tyskland (unntatt Slesvig) E - England F - Frankrike FI - Finland FR - Færøyane GR - Grønland IM - Isle of Man IR - Irland IS - Island IT - Italia LV - Latvia N - Noreg NL - Nederland Or - Orknøyane PL - Polen RU - Russland Sc - Skottland Sh - Shetland UA - Ukraina X - Andre land
Andre delen av koden er eit serienummer eller eit nummer frå ei tidlegare kjelde med katalogisering. Koden U 88 tyder at innskriften er frå Uppland og er den åttiåttende innskriften som er katalogisert. Dette systemet har sin opphav i boka Sveriges runinskrifter frå den svensken Riksantikvarämbetet.
Tredje delen av koden er eit teikn som indikerer tidsalder (Urnordisk, Vikingtid, eller Mellomalder) og om inskripsjonen er forsvunne eller nyomsett
† - inskripsjonen er forsvunnen, $ - ny omsetjing M - inskripsjonen er frå mellomalderen U - inskripsjonen er frå urnordisk tid, frå før ca 800. V - inskripsjonen er frå vikingtida
Datering av inskripsjonane i Rundata For nokon danske inskrifter frå Jacobsen & Moltke er det gjeve ein meir nøyaktig tidsperiode for vikingtiden. Periodane som er brukt er:
Helnæs-Gørlev — ca. 800 (eller 750-ca. 900) før-Jelling — ca. 900 Jelling — 900- og inn på 1000-talet etter-Jelling — ca. 1000–1050 kristen tid, etter-Jelling — fyrste halvdel av 1000-talet
Mange av inskripsjonane i Rundata inkluderer i tillegg eit felt for Stilgruppering. Dette viser til såkalte dateringsband bestemt av stilen på ornamenta på steinen etter forslag frå Anne-Sofie Gräslund.
Dateringsbanda er:
RAK — ca. 990-1010 FP — ca. 1010-1050 Pr1 — ca. 1010-1040 Pr2 — ca. 1020-1050 Pr3 — ca. 1050 - ein generasjon fram Pr4 — ca. 1060-1100 Pr5 — ca. 1100-1130
Referanseverk Katalognummera viser til mange referansverk og vitskaplege artiklar. Nokre av dei viktigaste er:
Riksantikvaräbetet; Sveriges runinskrifter , digitale utgåver.
Jacobsen, Lis; Moltke, Erik (1941–1942). Danmarks Runeindskrifter. Copenhagen: Ejnar Munksgaards Forlag.
Annan bibliografisk informasjon er tigjengeleg i Rundata.
Referansar
Denne artikkelen bygger på «Samnordisk runetekstdatabase» frå , den 2. februar 2021.
Bakgrunnsstoff
Samnordisk runtextdatabas
Kategori:Runologi Kategori:Runesteinar i Noreg Kategori:Runesteinar i Sverige Kategori:Runesteinar i Danmark Kategori:Runesteinar