Verdscupen i langrenn for kvinner i 1988-sesongen omfatta 16 tevlingar, av dei 10 individuelle renn og 6 stafettar. Tevlingane tok til 13. desember 1987 og vart avslutta 27. mars 1988. Dei ti individuelle renna bestod av tre tevlingar over 5 kilometer, fire over 10 km, to 20-kilometerar og ei tremil. Renna fann stad i La Clusaz i Frankrike, Bohinj i dåverande Jugoslavia, Reit im Winkl (2) i dåverande Vest-Tyskland, Leningrad (2) i dåverande Sovjetunionen, Toblach (2) i Italia, Calgary (4) i Canada, Falun i Sverige, Oslo i Noreg og Rovaniemi (2) i Finland.

Marjo Matikainen frå Finland vann FIS-pokalen for tredje gong i rad. Ho vann to av dei individuelle renna, det same gjorde Tamara Tikhonova frå Sovjetunionen. Marianne Dahlmo og Inger Helene Nybråten, begge Noreg, finske Marja-Liisa Kirvesniemi, austtyske Simone Greiner-Petter, Vida Vencienė, som representerte Sovjetunionen, og svenske Marie-Helene Westin, vann alle ei tevling kvar.

Individuelt Plass Utøvar Land Poeng 1 Marjo Matikainen 107 2 Marie-Helene Westin 92 3 Marja-Liisa Kirvesniemi 82 4 Tamara Tikhonova 81 5 Vida Vencienė 78 6 Raisa Smetanina 65 7 Marianne Dahlmo 62 8 Simone Greiner-Petter 59 9 Svetlana Nagejkina 55 10 Inger Helene Nybråten 54 11 Pirkko Määttä 52 12 Trude Dybendahl 44 13 Anfisa Reztsova 40 14 Antonina Ordina 36 15 Anna-Lena Fritzon 35 16 Marit Wold 33 17 Anne Jahren 29 Susann Kuhfittig 29 Simone Opitz 29 20 Magdalena Wallin 27 21 Evi Kratzer 23 Giudina Dal Sasso 23 Alžbeta Havrančíková 23 Christine Gilli-Brügger 23 25 Karin Lamberg 22 Kerstin Moring 22

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Skilanglauf-Weltcup 1987/88» frå , den 16. februar 2021.

Kategori:Nordiske greiner 1988 Kategori:Sport i 1988