Leikanger Mannskor er eit norsk mannskor i Sogndal kommune som vart stifta i 1925. Koret er kjend for å kombinere tradisjonell mannskorsong og revy, og spelar kvar påske revy i Leikanger - Palmerevyen.

Leikanger mannskor har eit breitt reportoar, og opptrer ofte på konsertar med mannskorklassikarar og shantyar i både originalform og med revytekst. Koret er ope for alle som ynskjer å vere med og er eit kjend samlingspunkt i bygda for songglade menn i alle aldrar.

Koret er delt i fire stemmer - første- og andretenor og første- og andrebass.

Kjelder