Kari Elisabeth Kaski () er ein norsk politikar frå Kirkenes, stortingsrepresentant frå Oslo for Sosialistisk Venstreparti sidan 2017.

Kaski er utdanna ved Handelshøyskolen BI, Universitetet i Oslo og Université de Bourgogne. I studietida var ho medlem av sentralstyret i Natur og Ungdom. Perioden 2011–15 arbeidde ho for Miljøstiftelsen Zero. På landsmøtet til Sosialistisk Venstreparti våren 2015 var ho vald til partisekretær. Ho trekte seg frå stillinga i 2017, etter ho vart vald til fyrstekandidat for Sosialistisk Venstreparti i Oslo ved det komande stortingsvalet. På Stortinget fekk ho plass i Finanskomiteen, ein posisjon ho hadde heile tingperioden. På SV sitt landsmøte i 2019 stilte ho til val som nestleiar, men tapte med 100 mot Torgeir Fylkesnes sine 108 røyster.

Kjelder

Dagbladet 30. mars 2019

Kategori:Stortingsrepresentantar for Oslo Kategori:Stortingsrepresentantar frå SV Kategori:Stortingsrepresentantar 2017-2021 Kategori:Stortingsrepresentantar 2021-2025 Kategori:SV-politikarar i Oslo Kategori:Folk frå Sør-Varanger