Killeter (frå irsk Coill Íochtair, 'lågare skog')Placenames Database of Ireland er ein liten landsby og townland nær Castlederg i County Tyrone i Nord-Irland. Ved folketeljinga i 2001 hadde han eit folketla på 147.

Killeter har ein årleg marknad i august, som feirar dei ulike sidene ved det landlege livet. Landsbyen ligg langs ei gammal pilegrimsrute til Lough Derg i Donegal. Det nasjonale nettverket av sykkelruter følgjer ein del av denne ruta, som grensar mot Killeter Forest i vest.

I nærleiken av Killeter ligg Magherakeel, med ei heilag vasskjelde, kalkomn og ruinane etter ei gammal kyrkje. Magherakeel Monastic Site ved Lower Strabane Road, nær Castlederg, var eit viktig religiøst senter i Irland. Klosterstaden stammar frå 500-talet. Av St Caireall-kyrkja er det berre ein vegg att. Saint Patrick’s Well i Killeter er ei vasskjelde som den heilage Patrick ifølgje soga skal ha stoppa opp for å drikka ved etter å ha forlate Lough Derg.

Forfattaren Benedict Kiely har sagt at han bygde den oppdikta landsbyen Carmincross, i romanen Nothing Happens in Carmincross, på Killeter.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Killeter» frå , den 22. april 2021.

Kategori:County Tyrone Kategori:Landsbyar i Nord-Irland