Førsteraden er eit norsk sjakktidsskrift, medlemsbladet til Ungdommens Sjakkforbund. Bladet kom ut frå tidleg i 1977, som medlemsblad i det som då heitte Norges Sjakkforbunds Ungdom.Brekke 2014 s. 205 Bladet kjem no ut med vanlegvis 4 nummer i året.

Førsteraden rettar seg mot sjakkspelande barn og unge, og inneheld mellom anna artiklar om sjakkturneringar for barn og unge i Noreg, og også i utlandet, som turneringsserien Barnas Grand Prix, NM for skolelag, NM for ungdom, NM for jenter og dei yngste aldersklassane i Noregsmeisterskapen i sjakk. Vidare terminlister over komande sjakkturneringar, teikneseriar, reportasjar frå barnesjakk-klubbar, mv.

Norges Sjakkforbund utgir eit eige medlemsblad, Norsk Sjakkblad.

Kjelder Øystein Brekke: Norske sjakktrekk. Norges Sjakkforbund 100 år 1914-2014. Norges Sjakkforbund 2014, ISBN 978-82-991916-2-3

Fotnotar

Kategori:Sjakk Kategori:Norske tidsskrift Kategori:Skipingar i 1977 Kategori:Sjakktidsskrift