Junior Eurovision Song Contest 2021 (JESC 2021) var den 19. gongen Junior Eurovision Song Contest vart arrangert. Tevlinga vart arrangert i La Seine Musicale i Paris i Frankrike, etter at Valentina vann tevlinga i 2020 med songen «J'imagine». Dette var fyrste gongen at Frankrike arrangerte Junior Eurovision Song Contest. Finalen vert arrangert 19. desember 2021. Programleiarar for Junior Eurovision Song Contest 2021 er Élodie Gossuin, Olivier Minne og Carla Lazzari
19 land deltok i tevlinga. Albania, Irland, Italia, Nord-Makedonia og Portugal var alle tilbake til Junior Eurovision Song Contest etter å ha stått over fjorårets tevling på grunn av koronaviruspandemien. Armenia, Aserbajdsjan og Bulgaria returnerte også tilbake i Junior Eurovision Song Contest etter å ha sist deltekne i høvesvis 2019, 2018 og 2016. Kviterussland var for fyrste gong sidan byrjinga av Junior Eurovision Song Contest ikkje med. Årsaka var at den kviterussiske kringkastaren BTRK vart utestengd frå Den europeiske kringkastingsunionen (EBU) 1. juli 2021. Kviterussland kan ikkje deltake i tevlinga før BTRK vert atteropptekne som EBU-medlem, eller dersom ein annan kviterussisk kringkastar vert medlem av unionen.
Vinnaren av tevlinga vart Armenia med songen «Kami Kami», framført av Maléna Fox. Dette var den andre sigeren til Armenia i Junior Eurovision Song Contest, etter å ha vunne i 2010. Polen, Frankrike, Georgia og Aserbajdsjan utgjorde resten av topp fem. Aserbajdsjan fekk si beste plassering i Junior Eurovision Song Contest med sin femteplass.
Format Visuell design Temaet og slagordet for tevlinga, Imagine, vart presentert 20. mai 2021 under ein pressekonferanse i Rotterdam, Nederland i samband med Eurovision Song Contest 2021. Slagordet vart vald som ein referanse til vinnarsongen frå året føre, «J'imagine», i tillegg til å oppmuntre barn til å vere kreative og følgje sine draumar.
Programleiarar 17. november 2021 vart det offentleggjort at tevlinga skulle leiast av tre programleiarar: den fransk-belgiske skodespelaren og tv-programleiaren Olivier Minne, modell, radio- og tv-programleiar og politikar Élodie Gossuin og artisten Carla Lazzari, som representerte Frankrike i Junior Eurovision Song Contest i 2019.
Deltakande land # Land Artist Song Språk Plass Poeng01 Pauline «Imagine Us» Tysk og engelsk 17 6102 Nikoloz Kajaia «Let's Count the Smiles» Georgisk, engelsk og fransk 4 16303 Sara Egwu-James «Somebody» Polsk og engelsk 2 21804 Ike og Kaya «My Home» Engelsk 12 9705 Elisabetta Lizza «Specchio» Italiensk og engelsk 10 10706 Denislava og Martin «Voice of Love» Bulgarsk og engelsk 16 7707 Tatjana Mezjentseva «Mon ami» Russisk, engelsk og fransk 7 12408 Maiú Levi Lawlor «Saor» Irsk, engelsk og fransk 18 4409 Maléna Fox «Kami Kami» Armensk og engelsk 1 22410 Älinur Khamzïn og Beknur Zjänibeknuly «Jertegi älemi» Kasakhisk og fransk 8 12111 Anna Gjebrea «Stand By You» Albansk og engelsk 14 8412 Olena Usenko «Vazjil» Ukrainsk 6 12513 Enzo «Tic Tac» Fransk 3 18714 Sona Azizova «One of Those Days» Aserbajdsjansk og engelsk 5 15115 Ayana «Mata sugu aō ne» Nederlandsk, engelsk og japansk 19 4316 Levi Díaz «Reír» Spansk 15 7717 Jovana og Dunja «Oči deteta» Serbisk 13 8618 Dajte muzika «Green Forces» Makedonsk og engelsk 9 11419 Simão Oliveira «O Rapaz» Portugisisk 11 101
Røystegjeving Resultat av poengfordelinga mellom jury og sjåarane Plass Jury Poeng Internettrøyster Poeng1 120 1092 116 1023 115 924 109 675 104 636 74 627 64 598 62 599 60 5710 55 5011 47 5012 45 4713 39 4714 30 4615 24 4216 15 3917 9 3918 9 3819 5 34
Poenggjevande land Total INR Tyskland 61 46 4 4 5 2 Georgia 163 59 12 7 5 3 12 8 2 6 12 7 5 2 10 8 5 Polen 218 102 12 4 10 8 6 1 12 1 5 4 10 2 3 10 8 7 5 8 Malta 97 50 6 8 2 2 2 3 3 8 4 1 4 4 Italia 107 40 6 5 6 8 8 10 6 1 6 4 Bulgaria 77 38 3 3 10 5 3 3 5 1 6 Russland 124 50 5 4 1 3 7 12 7 1 12 3 3 4 12 Irland 44 39 5 Armenia 224 109 10 5 12 5 2 6 7 6 6 7 10 7 10 8 2 12 Kasakhstan 121 57 3 1 7 7 1 1 12 4 4 7 8 6 2 1 Albania 84 39 4 1 7 6 8 8 1 10 Ukraina 125 63 7 8 12 10 2 3 6 2 12 Frankrike 187 67 8 12 6 8 3 10 4 10 7 8 12 7 12 6 7 Aserbajdsjan 151 42 2 10 10 2 12 7 10 1 10 1 12 8 5 6 3 10 Nederland 43 34 4 1 3 1 Spania 77 47 1 3 6 2 5 4 2 4 3 Serbia 86 62 7 6 2 2 7 Nord-Makedonia 114 59 2 8 5 5 12 5 5 10 3 Portugal 101 92 4 4 1
INR: Poeng frå røystegjevinga på internett.
Sjå òg Eurovision Song Contest 2021
Referansar
Bakgrunnsstoff Nettstaden til Junior Eurovision Song Contest
2021 Kategori:Musikktevlingar i 2021