mini|Del av Njålssoga i eit manuskript frå rundt 1350. Njålssoga, er ei islandsk ættesoge, eller ei islendingesoge. På islandsk heiter ho Njáls saga, Brennu-Njáls saga ('Brende Njáls soge') eller berre Njála.
Soga skildrar ein feide mellom to familiar som går over femti år. Hendingane i soga skal ha gått føre seg mellom 930 og 1020, og dekker dermed tida då Island gjekk over til kristendommen i år 1000. Slaget ved Clontarf utanfor Dublin i 1014 blir skildra i soga.
Hovudpersonen i Njáls saga er Njál Torgeirsson. Islandske namn på Njál er Njáll Þorgeirsson, Brennu-Njáll og Njáll á Bergþórshvoli. Soga skildrar mellom anna den djupe vennskapen mellom Njál og Gunnar frå Lidarende, som dei held fast på trass i at konene deira ligg i blodig strid med kvarandre. Nokre tema i soga er ære, hemn og tilgjeving.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Njáls saga» frå , og «Njáls saga» frå den 9. november 2005.
Bakgrunnsstoff
Njålssoga omsett av Aslak Liestøl og Jan Ragnar Hagland (1996) Njålssoga omsett av Aslak Liestøl (4. utg 1965) Njåla omsett av Olav Aasmundstad og Knut Liestøl (1928) Njaala, elder Soga um Njaal Torgeirson og sønerne hans omsett til landsmål av Olav Aasmundstad (1896), Nasjonalbiblioteket Brennu-Njáls saga på modernisert islandsk Sögusetrið Nettstad på islandsk og engelsk knytt til Njålssoga. «Njáls saga» av Bjarni Guðnason i Kulturhistorisk leksikon for nordisk middelalder (1967)
Kategori:Norrøn tid Kategori:Islendingesoger