Level Headed er det sjette studioalbumet til det britiske glamrockbandet Sweet. Ulike versjonar kom ut på Polydor i Europa og på Capitol i USA, Canada og Japan. Albumet inneheld songen «Love Is Like Oxygen», som vart den siste hitten deira som nådde topp 40. Songen nådde åttandeplassen i USA og niandeplassen i Storbritannia. Singelversjonen av «Love Is Like Oxygen» er vesentleg kortare enn albumversjonen. Ein andre singel, «California Nights», kom ut frå albumet, men nådde berre 76. plassen i USA.
Dette var det siste albumet med den klassiske Sweet-besetninga, sidan Brian Connolly slutta i bandet kring eit år etter albumet kom ut for å satse på ein solokarriere. Den attverande trioen med Steve Priest, Andy Scott og Mick Tucker fortsette, og gav ut tre album til før dei vart oppløyste i 1981.
Mottaking
AllMusic likte albumet i meldinga si og særskild dei mange stilane og at bandet hadde gått heilt bort får tyggegummipopen på tidlegare singlar til albumbasert rock. Dei konkluderte «Dette er absolutt ikkje klassisk Sweet, men det er nettopp det som er bra med Level Headed - dei er ujamne og eventyrlystne, snublar av og til, men lagar alltid interessant musikk på eit album som er alt anna enn tittelen lover.»
Innhald Alle songane skrivne og komponerte av Brian Connolly, Steve Priest, Andy Scott, and Mick Tucker utanom der andre er nemnde.
Polydor-utgåva
Capitol-utgåva Denne versjonen har eit anna plateomslag og anna rekkjefølgje på songane.
Medverkande Brian Connolly – solovokal (utanom as noted) Steve Priest – bassgitar, synthesizer voice, solovokal (spor 3), korvokal Andy Scott – gitar, synthesizer, solovokal (spor 1, 5), korvokal Mick Tucker – trommer, perkusjon, korvokal
Andre medverkande Ronnie Asprey – massingblåseinstrument Richard Harvey – barokk blåseinstrument Stevie Lange – vokal (spor 8) Geoff Westley – klaverinstrument, strykararrangement (spor 6, 9) Louis Austin - lydteknikar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Level Headed» frå , den 3. oktober 2021. oppgav desse kjeldene:
Kategori:The Sweet-album Kategori:Musikkalbum frå 1978 Kategori:Polydor Records-album Kategori:Capitol Records-album