Mathilde Tybring-Gjedde () er ein norsk politikar frå Oslo som sidan 2017 har vore stortingsrepresentant frå Oslo for partiet Høgre.
Tybring-Gjedde har utdanning frå University of Warwick. Perioden 2015-19 var ho medlem i Oslo bystyre. Nokre månader i 2017 var ho politisk rådgjevar for helseminister Bent Høie. Etter stortingsvalet i september 2017 rykte ho inn på Stortinget som fast møtande vararepresentant og vart sitjande heile fireårsperioden. Ho var medlem i Utdannings og forskningskomiteen. Frå 2021 er Tybring-Gjedde sikra fast tingsete til 2025.
Christian Tybring-Gjedde er far hennar.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Mathilde Tybring-Gjedde» frå , den 5. oktober 2021.
Kategori:Stortingsrepresentantar for Oslo Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Stortingsrepresentantar 2017-2021 Kategori:Stortingsrepresentantar 2021-2025 Kategori:Stortingsrepresentantar 2025-2029 Kategori:Høgrepolitikarar i Oslo Kategori:Folk frå Oslo