Yang Wei () er ein kinesisk tidlegare turnar frå Xiantao som vart verdsmeister i 2006 og 2007 og olympisk meister i 2008.
Aktiv Wei deltok i dei olympiske leikane i 2000, 2004 og 2008. Under Sommar-OL 2000 i Sydney vart han andremann i mangekampen, russaren Aleksej Nemov vart olympiameister. Fire år seinare enda Yang på sjuandeplassen i mangekampen, før han i 2008 på kinesisk heimegrunn vart olympisk meister. Både i Sydney i 2000 og i Beijing i 2008 var Wei med om å vinne gull for Kina i lagkampen. Ved leikane i Beijing sikra han seg også ein sølvmedalje i ringar.
mini|venstre|Yang Wei under Sommar-OL 2008 Wei vart verdsmeister i turning i Århus i 2006 og i Stuttgart året etter. Med Kinas landslag fekk han VM-gull i 1999, 2003, 2006 og 2007. Dessutan har han vunne VM-gull i skranke i 2006. I 2003 kom Wei på andreplass i mangekamp under verdsmeisterskapen i Anaheim. Til medaljesamlinga høyrer to VM-bronsar i enkeltapparat, den eine frå 1999 i svingstang og den andre frå 2003 i hopp.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Yang Wei (gymnast)» frå , den 8. oktober 2021.
Kategori:Kinesiske turnarar Kategori:Olympiske meistrar for Kina Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Kina Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2000 Kategori:Kinesiske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Gymnastar under sommar-OL 2000 Kategori:Kinesiske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Gymnastar under sommar-OL 2004 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2008 Kategori:Kinesiske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Gymnastar under sommar-OL 2008