«Ginny, Ginny» er ein song av det britiske rockebandet Slade, gjeve ut i 1979 som den første singelen frå det åttande studioalbumet deira Return to Base. Han var skriven av solovokalisten Noddy Holder og bassisten Jim Lea, og var produsert av Slade sjølv. Songen gjekk ikkje inn på den britiske singellista.
«Ginny, Ginny» hadde opphavleg hatt titlane «Jeanie» og «Ginny Come and Get It While You Can» før bandet fann den endelege tittelen. I Storbritannia kom singelen ut på gulfarga vinyl i håp om at han ville selje meir. Songen vart seinare gjeven ut som B-side til singelen «I'm a Rocker», som berre kom ut i Belgia.
Format 7"-singel «Ginny Ginny» - 3:50 «Dizzy Mama» - 3:57
Andre versjonar I 1979-80 spelte Jim Lea inn sin eigen versjon av, «Jeanie, Jeanie», i lag med broren Frank som ein del av sideprosjektet The Dummies. Denne versjonen av songen kom ikkje ut før i 1992, då han kom ut på A Day in the Life of the Dummies, ei samling av innspelingane til The Dummies.
Medverkande Noddy Holder - solovokal, gitar, produsent Dave Hill - sologitar, korvokal, produsent Jim Lea - bass, korvokal, produsent Don Powell - trommer, produsent
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ginny, Ginny» frå , den 14. oktober 2021. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Songar frå 1979 Kategori:Singlar frå 1979 Kategori:Slade-songar Kategori:Songar skrivne av Noddy Holder Kategori:Songar skrivne av Jim Lea Kategori:Songar produserte av Jim Lea Kategori:Songar produserte av Noddy Holder Kategori:Songar produserte av Dave Hill Kategori:Songar produserte av Don Powell