Toscakake er ei skandinavisk kake som består av sukkerbrød med eit lokk av rista mandlar.
Tosca er namnet på ein opera av Puccini som hadde premiere ved hundreårsskiftet 1900. Operaen har truleg gjeve namnet til toscakaka, som opptrer i svenske kokebøker frå 1930-talet. Den rådande enkle funkisstilen kan òg ha sett preg på bakverket, som typisk ikkje er ekstra pynta.
Toscakaka blei omtalt i norske aviser frå 1940-talet av.
Toscaglasuren kan også brukast på andre bakverk, som mindre toscapinnar, toscaruter, toscabollar eller toscaeple.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Toscakaka» frå , den 18. oktober 2021.
Bakgrunnsstoff Oppskrift ved tine.no
Kategori:Kake Kategori:Svensk mat Kategori:Norsk mat Kategori:Dansk mat