Nina Kristine Jensen () er ein norsk marinbiolog og leiar av til forskings- og ekspedisjonsskipet MS «REV Ocean». Ho er tidlegare generalsekretær i World Wide Fund for Nature. I mars 2014 vart Jensen utnemnd til Young Global Leader, eit nettverk som jobbar som integrert del av World Economic Forum.

Utdanning og karriere Jensen har utdanning som marinbiolog frå James Cook University i Australia og arktisk marinbiologi frå Noregs fiskerihøgskole i Tromsø. Ho skreiv masteroppgåve om storkobbebestanden i Barentshavet og har òg skrive om torskestammen.Nina Jensen The effects of ice cover on bearded seal (Erignathus barbatus) vocal patterns over 16 years Mastergradsoppgave i marinbiologi - Universitetet i Tromsø, 2005Maren Esmark, Nina Jensen The Barents Sea cod: The last of the large cod stocks WWF Norway report 4/2004 Jensen har dessutan røynsle som prosjektkoordinator i reklamebyrået Ogilvy & Mather.

Jensen starta som frivillig i WWF i 2003. I 2005 vart ho havmiljørådgjevar same stad, deretter leiar for naturvernsavdelinga til organisasjonen og så fagsjef. 1. mars 2012 overtok Jensen etter Rasmus Hansson som generalsekretær i WWF Verdas naturfond, ei stilling ho hadde fram til 2017.

Som generalsekretær var Jensen ein profilert samfunnsdebattant, som tidleg tok til orde for at Oljefondet burde trekkja seg ut av kol og i staden investera i fornybar energi. Ho er forkjempar for betre forvalting av dei norske havområda, og har fronta WWF sitt mangeårige arbeid for ein eige norsk klimalov. Ho er jamleg å sjå og høyra i debattprogram på både TV og radio.

Jensen er òg medlem av Framtiden i våre hender.Teknisk ukeblad – Den rødgrønne regjeringen er forbausende lite grønn (portrettintervju) 22.09.2012

Privat Nina Jensen er oldebarn av kvinnesakskvinna og Venstre-politikaren Betzy Kjelsberg og syster av tidlegare Framstegsparti-leiar og finansminister Siv Jensen. Jensen har eitt barn med sambuaren Nicolai Roan. Roan døydde av hjernekreft 30. juli 2019.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Nina Jensen» frå , den 22. november 2021.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Norske miljøvernarar Kategori:Norske marinbiologar