2005 (romartal MMV) i den gregorianske kalenderen var eit normalår som byrja på ein laurdag på 2000-talet.
2005 blei markert som: mini|Tankeeksperiment om ei lysklokke, inspirert av relativitetsteorien.
Verdas fysikkår. Hundreårsjubileet for at Albert Einstein kom fram til relativitetsteorien blei markert av dei sameinte nasjonane som fysikkår. Hundreårsjubileum for oppløysinga av unionen mellom Noreg og Sverige. Det norske friluftslivsåret 2005 blei oppretta som Miljøverndepartementet sitt bidrag til hundreårsmarkeringa I 2005 var det 60 år sidan frigjeringa 8. mai 1945. Den andre verdskrigen var slutt i Europa. Firehundreårsdagen for avsløringa av krutsamansverjinga, eller the Gunpowder Plot, feira kvart år som Guy Fawkes Day i Storbritannia.
Internasjonalt år for mikrokreditt Internasjonalt år for sport og fysisk fostring
mini|Benedikt XVI blei innsett som ny pave. Hendingar
Utlandet 2. januar: Storm i USA drap 16. 8. januar: Stormen som tidlegare hadde råka USA kom til Nord-Europa og drap minst 13. I Sverige mista hundretusentals heimar straum- og telefonnett over lengre tid. 9. januar: Mahmoud Abbas blei vald som etterfylgjaren til Yassir Arafat i Palestina. 23. januar: Viktor Jusjtsjenko blei president i Ukraina. 8. mars: Den tsjetsjenske opprørsleiaren Aslan Maskhadov vart drept i Tolstoj-Jurt ei åtak frå russiske FSB-styrkar. 12. mars: Carolus Papoulias blei vald til president i Hellas. 21. mars: Ein elev drap ni andre før han tok sitt eige liv i Red Lake High School-massakren i Minnesota i USA. 9. april: Prins Charles av Wales gifta seg med Hertuginne Camilla av Cornwall. mini|Orkanen Katrina over Karibia.
19. april: Joseph Ratzinger blei vald til ny pave under namnet Benedikt XVI. 7. juli: London blei utsett for omfattande terroråtak mot kollektivtransporten. 52 blei drepne og minst 700 skada. 29. august: Orkanen Katrina skapte store øydeleggingar i USA og drap rundt tusen menneske. 7. september: Hosni Mubarak blei gjenvald som president i Egypt. 14. september: Rundt hundre blei drepne i Bagdad av bilbomber og væpna åtak på sivile. 4. oktober: Orkanen Stan forårsaka flaum og skred i Guatemala og El Salvador. Rundt fire tusen blei melde som døde eller sakna. 8. oktober: Eit veldig jordskjelv skapte store øydeleggingar og drap opp mot hundre tusen menneske i Pakistan, Afghanistan og India, særleg Kashmir. 7. november: Juntaen i Myanmar flytta hovudstaden frå Yangon til Pyinmana. 22. november: Angela Merkel blei den første kvinnelege tyske kanslaren.
Noreg mini|Høgskolen i Stavanger blei universitet. 1. januar: Noreg auka talet på universitet til seks då Høgskolen i Stavanger og Noregs landbrukshøgskole blei til Universitetet i Stavanger og Universitetet for miljø- og biovitskap. Jarnbanetrafikken mellom Oslo og Stockholm blei lagt ned etter 131 år i drift. 1. mai: Bokbransjeavtalen vart endra slik at det ikkje lenger er fastpris på nye skjønnlitterære bøker, men høve til å gje inntil 12,5 % avslag i prisen 8. juni: Smittekjelda for ein epidemi av legionærsjuke som hadde kravd minst 10 dødsoffer på Austlandet vart funnen i eit renseanlegg på Borregaard sitt anlegg i Sarpsborg. 10. juni: Offisiell opning av den nye Svinesundsbrua 12. september: Stortingsvalet 2005. 17. oktober: Regjeringa Stoltenberg II kom til makta.
Fødde 8. april: Leah Isadora Behn, dotter av Prinsesse Märtha Louise og Ari Behn. 15. oktober: prins Christian til Danmark. 31. oktober: prinsesse Leonor av Spania. 3. desember: Prins Sverre Magnus av Noreg, son av H.K.H. Kronprins Haakon og Kronprinsesse Mette-Marit.
Døde mini|portrett|Pave Johannes Paul II døydde 2. april, knapt 85 år gammal
7. januar: Ivar Medaas, norsk visesongar 20. januar: Per Borten, norsk politikar, tidlegare statsminister 10. februar: Arthur Miller, amerikansk forfattar 20. februar: Hunter S. Thompson, amerikansk forfattar 22. mars: Lars Leiro, norsk politikar, tidlegare samferdsleminister 2. april: Pave Johannes Paul II 6. april: Fyrst Rainier III av Monaco 23. juni: Hanna Kvanmo, norsk politikar 20. juli: Finn Gustavsen, norsk politikar 24. oktober: Rosa Parks, amerikansk borgarretsforkjempar 10. november: Vidar Sandbeck, norsk visesongar og forfattar 24. november: George Best, nordirsk fotballspelar 3. desember: Kåre Kristiansen, norsk politikar 5. desember: John I. Alvheim, norsk politikar