Amedia AS er eit norsk mediekonsern som vart etablert i 27. mai 1948 under namnet Norsk Arbeiderpresse. Frå 1994 til 2012 heitte konsernet A-pressen.
Amedia er eigar av eller medeigar i 89 norske aviser, med dette også nettaviser, trykkeri og lokalradioar.
Per 31. desember 2012 hadde Amedia 3 500 tilsette.
Historie Stifta 27. mai 1948 under namnet Norsk Arbeiderpresse AS. Dette eigarselskapet fungerte ved sida av Arbeiderpressens Samvirke AL som ei ramme kring samarbeidet og organiseringa i A-pressen.
I 1989 vart desse selskapa slått saman til konsernet A-pressen. I 2012 skifta konsernet namn til Amedia. Amedia kjøpte i desember 2011 Edda Media. Amedia hadde inntil januar 2012 ein aksjepost på 50 % i TV 2.
Konsernsjefar Johan Ona 1948–1974 Einar Olsen 1974–1987 Alf Hildrum 1987–2007 Even Nordstrøm 2007–2010 Thor Gjermund Eriksen 2010–2012 Glenn Veiby (konstituert) 2012–2013 Are Stokstad 2013–2020 Anders Opdahl 2020–
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Arbeidarrørsla i Noreg Kategori:Skipingar i 1948