Theodor Peterson () var ein norsk trelasthandlar, fabrikkeigar og eigedomsmann frå Moss som for perioden 1871-73 skulle representere bykrinsen Moss og Drøbak på Stortinget.

Han var av den rike og mektige Peterson-ætta i Moss. Sjølv utdanna han seg på ein handelsskule i Lübeck. Etter han flytta tilbake til heimbyen, gifta han seg med ei dotter av Drammens-kjøpmannen Johan Frederik Thorne. Jamsides forretningsdrifta var Peterson medlem i bystyret og hamnestyret i Moss. Hausten 1870 vart han vald til stortingsmann. Han møtte einast i 1871-sesjonen, sat då i Justiskomite nr 1. Både i 1872 og 1873 melde han forfall til Stortinget.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1871-1873 Kategori:Stortingsrepresentantar for Moss og Drøbak Kategori:Norske trelasthandlarar Kategori:Folk frå Moss