Suzi Quatro er det første studioalbumet til den amerikanske musikaren Suzi Quatro. Plata kom ut i oktober 1973 på Rak Records i fleire land, men kom ut på Bell Records i USA og Canada, EMI Records i Japan og Columbia Records i somme europeiske land. Det fekk tittelen Can the Can i Australia.
Albumet fekk god kritikk og selde godt verda over. Det nådde topp 50 på albumlistene i mange land, med 32. plass på den britiske albumlista, fjerdeplassen i Tyskland, femteplassen i Nederland og andreplassen i Australia. Plata fekk òg noko suksess i USA der det nådde topp 150. Singelen «Can the Can», som var med på albumet i dei fleste land, vart den største hitten til Quatro, og gjekk til topps på salslistene i fleire land i Europa og i Australia, og nådde 56. plassen i USA i 1976 då han vart gjeven ut på ny nokre år seinare. Ein annan singel frå albumet, «48 Crash», vart òg ein suksess og nådde topp 10 i fleire land, inkludert Storbritannia der han nådde tredjeplassen.
Elvis Presley-songen «All Shook Up» vart gjeven ut på singel i USA og nådde 85. plassen på Billboard-lista. Quatro sa seinare at Presley sjølv hadde kontakta ho og sagt at versjonen hennar var «den beste sidan hans eigen versjon».
Mottaking Village Voice-kritikaren Robert Christgau sa «hennar eigne songar er ikkje i nærleiken av eitt-riff-rocken til dei to Chapman-Chinn-singlane, særskild «48 Crash», og sist gong eg vart tent på noko som berre kler seg i lær var før John Kay byrja å repetere seg sjølv.» Seinare gav Dave Thompson for AllMusic gav albumet fire og ei halv stjerne og skreiv at «Suzi Quatro er framleis eit av dei mest nakne, seksuelle albuma i heile glamrock-epoken – og ei av dei hottaste debutane det tiåret.»
Innhald
Original britisk utgåve Alle songane skrivne av Suzi Quatro og Len Tuckey, utanom der andre er nemnde.
Dei fleste utgåvene av albumet utafor Storbritannia inneheldt «Can the Can». Seinare var «Can the Can» òg med på britiske utgåver. «Rockin' Moonbeam» var ikkje med på albumet i somme land, inkludert USA og Canada, der heller ikkje «Get Back Mamma» var med. «Can the Can» vart inkludert i staden.
Medverkande Suzi Quatro - bass, solovokal Len Tuckey - gitar, slidegitar, korvokal Alastair McKenzie - elektrisk piano, piano, Mellotron, korvokal Dave Neal - trommer, korvokal
Produksjon Lydteknikar – Pete Coleman Mastering av – Chris Blair Produsent – Mike Chapman, Nicky Chinn Fotografi – Gered Mankowitz
Salslister Liste (1973/74)PlasseringAustralia (Kent Music Report)2Storbritannia (Official Charts Company)32
Årslister Liste (1974) Plassering Australia (Kent Music Report) 5 Tyske album (Offizielle Top 100) 3
Salstrofé
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Suzi Quatro (album)» frå , den 15. april 2022. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Debutalbum frå 1973 Kategori:Suzi Quatro-album Kategori:Rak Records-album Kategori:Album produserte av Mike Chapman