Jackie Milburn, eigenleg namn John Edward Thompson Milburn, () var ein engelsk fotballspelar frå Ashington. Han vert hugsa for sine mange sesongar som angrepsspelar for Newcastle United.
Karriere Klubbspel Milburn var aktiv i Newcastle United frå 1943 til 1957. Her var han med om å vinne FA-trofeet i 1951, 1952 og 1955. Han skåra begge måla då Blackpool FC vart slått 2-0 i 1951 og det fyrste målet då det vart siger 3-1 over Manchester City i 1955. Frå hausten 1957 til 1960 var han trenar og spelar for irske Linfield FC, ein klubb han leia til ligatriumf i 1959 og 1960.
Landslagsspel I tida oktober 1948 til oktober 1951 deltok Milburn i 12 av Englands landskampar, skåra 10 mål. Så å seie på dagen fire år seinare fekk han ein 13. og siste landskamp, borte mot Danmark i København.
Kjelder
eu-football Denne artikkelen bygger på «Jackie Milburn» frå , den 18. april 2022.
Kategori:Engelske fotballspelarar Kategori:Newcastle-spelarar Kategori:Folk frå Ashington