Terminal Jive er det niande studioalbumet til det amerikanske rockebandet Sparks og det andre dei spelte inn i lag med Giorgio Moroder. Albumet har ei disco-kjensle som føregangaren, men består av færre synthesizerar og litt meir elektrisk gitar. Dette gjev albumet ein tydelegare new wave-stil. Albumet vart produsert av Moroder og Harold Faltermeyer. Faltermeyer sa seinare at han hadde produsert det meste av albumet.

Sparks fekk ein hitsingel i Frankrike med «When I'm with You», som førte til at dei var i landet i eitt år for å marknadsføre albumet.

Utgjeving Terminal Jive kom ikkje ut i USA, men Polydor Records gav det ut i Canada. Det vart heller ikkje ein suksess i Storbritannia, men gjorde det betre i Europa.

Den første singelen, «When I'm with You», var ein hit i Frankrike, der han nådde 16. plassen. Singelen nådde òg 14. plassen i Australia. Den andre singelen frå albumet var «Young Girls», og denne gjorde det òg bra i Frankrike. «Young Girls» vart gjeven ut med ein lengre remiks på 12-tommar, ein redigert versjon på 7-tommarsingelen, og med B-sida «Just Because You Love Me». Den franske utgåva inkluderte «Rock 'n' Roll People in a Disco World», sidan «Just Because You Love Me» alt hadde kome ut som B-sida til «When I'm with You» i dette området.

Plateomslag Plateomslaget består av Mael-brørne som står i ulike poseringar i og kring leiketøysbutikken Hamleys i Regent Street i London.

Innhald

Salslister Liste (1980)PlasseringAustralia (Kent Music Report)96

Medverkande Russell Mael - vokal Ron Mael - klaverinstrument W. G. Snuffy Walden - gitar Richie Zito - bassgitar Harold Faltermeyer - klaverinstrument Keith Forsey - trommer Laurie Forsey - korvokal Teknisk Giorgio Moroder - produsent Harold Faltermeyer - produsent Brian Reeves, Dennis Drake - lydteknikar Gered Mankowitz - fotografi

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Terminal Jive» frå , den 25. april 2022. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Sparks-album Kategori:Musikkalbum frå 1980 Kategori:USA-amerikanske discoalbum Kategori:Album produserte av Giorgio Moroder Kategori:Virgin Records-album Kategori:Polydor Records-album Kategori:Carrere Records-album Kategori:Ariola Records-album Kategori:Repertoire Records-album Kategori:Oglio Records-album