Pulling Rabbits Out of a Hat er det trettande studioalbumet av det amerikanske rockebandet Sparks. Det kom ut i juni 1984 på Atlantic. Det vart ikkje så godt motteke og klarte ikkje å gli vidare på den kommersielle suksessen frå In Outer Space i 1983. Albumet utvikla vidare den lette synthpopen på In Outer Space, men med noko mørkare tekstar kring favoritttemaet til Ron Mael: kjærleiksforhold.

Utgjeving Pulling Rabbits Out of a Hat gjekk ikkje inn på albumlista i USA trass i at det førre albumet deira In Outer Space hadde vore ganske populært der i 1983. I Storbritannia, der gruppa ikkje hadde hatt eit album på lista sidan 1979, selde albumet heller ikkje bra.

Det vart gjeve ut tre singlar frå albumet. Den første singelen «With All My Might» nådde 104. plassen på Bubbling Under Hot 100 Singles-lista og 28. plassen på Billboard Hot Dance Music/Club Play-lista. Dei to andre singlane var «Pretending To Be Drunk» og «Progress», som vart forlenga, remiksa og gjevne ut som club-promoar.

Innhald

Medverkande Ron Mael – synthesizer (Roland Jupiter-8, Yamaha DX7, Synclavier II, Fairlight CMI) Russell Mael – vokal Leslie Bohem – bass, korvokal Bob Haag – gitar, synthesizer, korvokal David Kendrick – trommer John Thomas – klaverinstrument Teknisk Produsent – Ian Little Miksa av – Brian Reeves, Dave Bianco, Mick Guzauski Lydteknikar – Steve Bates

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Pulling Rabbits Out of a Hat» frå , den 26. april 2022. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Sparks-album Kategori:Musikkalbum frå 1984 Kategori:Atlantic Records-album Kategori:Carrere Records-album Kategori:Oglio Records-album Kategori:Repertoire Records-album Kategori:USA-amerikanske synthpop-album