«Antmusic» er ein song av det engelske rockebandet Adam and the Ants, gjeven ut som den tredje singelen i Storbritannia i 1980 frå Kings of the Wild Frontier (utgjeve 3. november 1980).

«Antmusic» nådde andreplassen på den britiske singellista i januar 1981, bak ei nyutgjeving av John Lennon sin «Imagine» etter at Lennon vart drepen i New York City månaden før. I Australia låg singelen fem veker på toppen av Kent Music Report og gav bandet ei platinaplate for 100 000 selde eksemplar. Songen nådde òg andreplassen i Sør-Afrika, fjerdeplassen i Irland og sjetteplassen i New Zealand. I Nord-Amerika nådde songen 14. plassen på den amerikanske Rock Albums & Top Tracks og 19. plassen på National Disco Action Top 30-lista.

Musikkvideoen til «Antmusic» syner gruppa som speler på eit diskotek med ein enorm jukeboks og overtyder det unge publikummet om å vende seg bort frå disco og dans til den nye stilen kalla 'Antmusic'. Musikkvideoen vart regissert av Steve Barron.

I 2015 vart songen nytta i filmen Ant-Man.

Salslister og salstrofé

Vekeslister Liste (1981)PlasseringAustralia (Kent Music Report)1South Africa (Springbok Radio)2

Årslister Liste (1981)PlasseringAustralia (Kent Music Report)3New Zealand (Recorded Music NZ)27Sør-Afrika (Springbok Radio)20UK Singles (Official Charts Company)30

Salstrofé

Andre versjonar Robbie Williams spelte inn ein versjon som B-side til singelen «No Regrets» i 1998. OK Go gav ut ein versjon av songen som B-side til singelen «Get Over It». DJ Hyper spelte inn ein versjon med Leeroy Thornhill for albumet deira We Control. The Charlatans og Dirty Pretty Things spelte songen på Transmission den 5. september 2008 Rogue Traders spelte inn ein song kalla «Would You Raise Your Hands?» med ein sample frå «Antmusic» inkludert teksten «So unplug the jukebox and do us all a favour». The Quakes spelte inn ein versjon på albumet Psyops der han er eit løynd spor. Hypnolovewheel spelte inn ein versjon av songen på samlealbum Freedom of Choice: Yesterday's New Wave Hits as Performed by Today's Stars.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Antmusic» frå , den 6. mai 2022. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Singlar frå 1980 Kategori:Singlar frå 1981 Kategori:Adam and the Ants-songar Kategori:Musikkvideoar regisserte av Steve Barron Kategori:Nummer-ein-singlar i Australia Kategori:Songar skrivne av Marco Pirroni Kategori:Songar skrivne av Adam Ant Kategori:Songar frå 1980 Kategori:Epic Records-singlar Kategori:CBS Records-singlar Kategori:Songar produserte av Chris Hughes