Isla Guadalupe er ei meksikansk øy i Stillehavet. Ho ligg ca. 260 km vest for Californiahalvøya. Øya har vulkansk opphav og ligg på eit varmepunkt utanfor kontinentalsokkelen. Arealet er 250 km³, og det høgaste punktet nesten 1300 moh. Administrativt høyrer øya til kommunen Ensenada i delstaten Baja California.

Øya hadde tidlegare eit rikt planteliv som viste slektskap nordover mot California. Nesten 16 % av planteartene er endemiske, av desse to monotypiske slekter. Innførte geiter åt vegetasjonen sna og har ført til utrydding av minst 26 planteartar. Geitene blei fjerna i perioden 2003 til 2007, og skog med guadalupesypress held no på å reetablera seg.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Isla Guadalupe» frå , den 9. juni 2022.

Litteratur

Kategori:Øyar i Mexico Kategori:Geografi i Baja California Kategori:Øyar i Stillehavet