Eirik II Magnusson () var konge av Noreg i tidsrommet mellom 1280 og 1299.
Eirik var eldste son av Magnus Lagabøte. Eit fall frå hesteryggen gav han moglegvis hjerneskade. Sidan han berre var barnet då han blei konge, blei styret ført av eit formyndarstyre. Han kom i konflikt med kyrkja under erkebiskop Jon Raude og fekk tilnamnet Prestehatar.
Han var først gift med Margaret av Skottland, dotter av kong Alexander III. Dei fekk dottera Margrete, som blei dronning av Skottland i 1286, berre tre år gammal. Etter at kona hans døydde i barselseng i 1283 gifta Eirik seg seinare med Isobel Bruce, søster av Robert I av Skottland.
Ettersom han døydde sønelaus blei Eirik Magnusson etterfølgd av bror sin, Håkon V.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske regentar Kategori:Norske monarkar Kategori:Norske kongar Kategori:Folk frå norrøn tid